Vann internasjonal musikkpris

Under morgonsendinga på NRK Hordaland i dag vann Aurora Aksnes den internasjonale musikkprisen «European Border Breakers Award».

Osingen stilte uvitande til intervju i NRK Hordaland. Då ho kom i studio på Minde venta EBBA-prisen på 18-åringen, skriver Bergensavisen.

EBBA-prisen vert delt ut til ti europeiske musikarar kvart år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seansen vart filma

Prismottakinga på NRK vart filma av eit nederlandsk kamerateam.

- Denne prisen er ein døropnar for unge musikarar i ein bransje der CD- og platesalet går nedover. Artistane treng å tenkja nytt, ved å reisa oftare og spela meir live, sa nederlandske Jan Douwe Kroeske til BA like etter overrekkinga.

Aurora inngår i eit celebert selskap som mottakar av EBBA-prisen. Tidlegare har kjende namn som Adele, Stromae, Gabriel Rios, Hozier og Mumford & Sons motteke prisen.