Vamp til Osfest 2016
Eitt av Noregs mest populære band er klare for Osfest. Vamp opnar storscenen fredag 5. august.
Vamp har eksistert i 24 år og er eit av landets mest meritterte band. Bandet har vunne prisar både nasjonalt og internasjonalt, blant anna fem Spelemannsprisar og dessutan blitt kåra til «Årets spellemann».
Bandet er aktuell med nytt album som kom ut i oktober.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om dei har besøkt Os tidlegare, trur Osfest at denne konserten vil bidra til at neste års festival vert ein folkefest frå fyrste stund.
Frå før har festivalen lansert Marcus & Martinus. Dei to tenåringsidola skal ha konsert laurdag føremiddag. Til denne konserten er det allereie selt 3.000 billettar.