Odd Lyssand, Solveig Andersland, Midtbø og Mette Samdal.
Odd Lyssand, Solveig Andersland, Midtbø og Mette Samdal.

Utropt til æresmedlem

På Ung blås-konserten i Oseana sundag, vart Karl Ole Midtbø utropt til æresmedlem av Os musikkforening.

Konferansieren sjølv visste ingenting om kva som skulle skje. Karl Ole Midtbø var i ferd med å introdusera det siste nummeret på konserten, Gianluigi Trovesis "Hercab", då han plutseleg fekk beskjed om at det var skjedd ei endring i programmet.

Til fanfare reiste Mette Samdal, Solveig Andersland og Odd Lyssand seg og fortalte at ordenskollegiet i musikkforeninga hadde fått klarsignal frå styret om å utropa Midtbø til æresmedlem.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Æresmedlema våre er personar som har gjort verdfullt arbeid for Os Musikkforening i ei årrekkje, sa trioen, før dei fortalde litt om bakgrunnen for Midtbøs utnemning.

- Karl Ole vart medlem av Os Musikkforening i 1969. Han førte oss til topps i konkurransar både her i distriktet, regionalt, nasjonalt og internasjonalt i tida 1983-1986. Eitt av dei store høgdepunkta var då vi vann NM i janitsjar i Trondheim i 1986.

Vidare peika trioen på at Midtbø alltid er positiv og inspirerande. Dei viste også til dei utallige konsertane der han har vore konferaniser for musikkforeninga.

Til sist sa dei at dei var stolte over å ha han i stillinga som dagleg leiar for Norges Musikkorps Forbund.

- Dette var overraskande. Folk påstår at eg ikkje har for vane å verta mållaus, men no vart eg verkeleg det, seier Midtbø.

Kveldens konferansier skulle eigentleg fått utnemninga på 60-årsdagen sin, 17. september. Men Midtbø var bortreist.

- Eg har heile tida sagt at 60 er berre eit tal, men når ein vert utropt til æresmedlem..., sa Midtbø til latter frå salen.

- Vi fann ut at det passa bra å gjera det her i kveld, sidan han uansett skulle møta som konferansier, seier Solveig Andersland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Far til Karl Ole, Ola Midtbø, fekk med seg utnemninga frå salen. Også han er æresmedlem av Os Musikkforening.

- Eg visste ingenting, fortel han.