Ukueleg Vinnes-gjeng: Sette regn-rekord det året genseren vog fem kilo etter endt konsert
Ingen veit kvifor det alltid regnar på Vinnesfestivalen. Men at dei aldri gir opp, skuldast (i alle fall litt) desse tre.
Etter tre års pause har festivalsjef Werner Skaathun og styremedlemene Kristin Almås og Therese Nilsen, igjen henta fram festivalgensarane.
— Tidlegare trykte vi opp nye kvart år med årstal på, men det vart for dyrt, ler Werner.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Kvaliteten er bra, så han held år etter år, seier Kristin.
Les om Siljan og Anja som tok utdrikkingslaget på Vinnesfestivalen.
Den tjukke hette-genseren toler beviseleg også enorme mengder vatn. Noko som er heilt naudsynt om han skal i bruk under den årlege Vinnesfestivalen.
For av ein eller annan grunn kjem det alltid mykje regn denne juni-laurdagen.
— Rekorden er vel fem kilo, spør Werner i retning Therese.
Ho nikkar og ler.
— Jepp, når det driplar når du går, då veit du at du er blaut. I 2017 var eg så ufatteleg våt, at eg berre måtte sjekka kor mykje det var snakk om.
Gir seg ikkje
Då Therese utpå natta la genseren på vekta, spratt pila opp på fem kilo.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Kor mange kilo må til før humøret synk til botnen?
— Hm, vi har i alle fall ikkje fått mange nok kilo så langt, smiler Kristin.
— Men det er klart, tjue timar på holmen og fem kilo genser, då tærer det litegrann på, seier Werner ærleg.
Men trass dårleg vêr, er det liksom ikkje aktuelt å gi seg.
— Nei, for det er dette her som er kjekt, legg ein smilande Werner til.
— Og så er vi tilbake her tidleg søndag morgon for å rydda, smiler Kristin.
Dei anslår at om lag 50 personar er i sving med dugnadsarbeid før, under og etter festivalen.
— Dugnaden knyter folket i bygdene saman, seier Therese.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her kan du sjå videoar og stor biletserie frå Vinnesfestivalen
Mykje meir enn musikk
Og etter ei lang veke med intens sjauing, er synet av glade andlet som dansar, syng og ler ilag, betaling god nok.
Dei snakkar om dugnadsmentalitet, det å jobba ilag og treffa kvarandre. Det å skapa og oppnå noko. Ha det kjekt ilag.
For desse tre og mange andre er Vinnesfestivalen så mykje, mykje meir enn god musikk og litt regn eller ikkje.
— Det er veldig kjekt å kunne samla bygda på nytt. Folk har lengta etter dette. Det er tydeleg når vi ser at publikum strøymer på sjølv om oppladinga i går og før i dag ikkje var topp med tanke på vêret, seier Werner nøgd.
— Er det alle dei som ikkje gidd å springa i ein tunnel som kjem hit?
— Hehe, nei, det er fleire her som har sprunge LøpE39 før i dag, seier Therese.
— Det er plass til alle her på Vinnesholmen, seier Werner.