UKM-påmeldinga er opna
Søndag 14. februar er datoen å merka seg dersom du vil visa fram dine kreative sider. Då går UKM av stabelen i Oseana.
Det vert felles lokal kulturmønstring for Os og Fusa også i år. Påmeldinga kan ein gjera på eigen nettportal for UKM-Noreg.
Påmeldinga opna 1. desember og interesserte kan registrera seg heilt fram til 1. februar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle typar uttrykk
Ungdomens kulturmønstring er open for born og unge i alderen 13-19 år. Alle typar kreative uttrykk er velkomne. Dei mest vanlege kulturformene har så langt vist seg å vera musikk, film, dans og biletkunst.
- Men kanskje driv du i staden med kokkekunst, webdesign, poesislam, tredreiing eller tatovering? Då er UKM tingen for deg, slår kulturleiar i Fusa, Eirik Vangsnes, fast.
Fylkesmønstring i april
Ein eigen jury skal vurdera kven som skal gå vidare til fylkesmønstringa.
Fylkesmønstringa vert på USF-Verftet i Bergen 15.-17. april.