Turnerer verda rundt som tubaist - held seminar i Fusa
Førstkomande helg sparkar musikklaga i Eikelandsosen sesongen i gang med inspirasjonsseminar og øvingshelg - med Ove Gjerdevik som instruktør.
Vår gode ven og støttespelar Eirik Gjerdevik er dirigent denne helga, og har med seg eit team med dyktige instruktørar.
Eirik Gjerdevik starta sin karriere i korpsmiljøet i Fusa, og arbeider no som profesjonell tubaist i mellom anna Sjøforsvarets musikkorps. Han turnerer også verda rundt som tubasolist for Yamaha. Med Eirik bak dirigentpulten kan me vera sikre på at det vert ei lærerik og ikkje minst morosam helg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eikelandsosen skulemusikklag (ESML) og Eikelandsfjorden musikklag (EML) har i år invitert alle korpsmusikantar i kommunen til å delta på seminar.
For heimekorpsa vert dette god opplading til ein aktiv haustsesong, der EML skal delta i konkurransen Siddis Brass, medan ESML feirar 50-årsjubileum.
Om du har lang eller kort, fersk eller litt rusten erfaring, håpar me du finn vegen til Eikelandsosen for musikalsk samspel til helga!
Har du aldri spelt før, kan du delta som «Aspirant for ein dag».