Turgruppe for vidarekomne mosjonistar
Os Turlag utvidar turtilbodet i vår. Tysdag er det klart for første utgåve av «Friskus-turen».
Det nye tilbodet er eit supplement til dagens «Onsdagstur». Den nye «Friskus-turen» er hakket meir utfordrande både med tanke på tempo og i lengde.
- Det vert ikkje noko avskrekkjande tempo. Me snakkar framleis om tur for mosjonistar, men samanlikna med onsdagsturane, der ein del eldre brukar å vera med, vert det nok litt meir utfordrande, fortel leiar av Friskusgruppa i Os Turlag, Beate Valvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Annakvar tysdag
Friskusgruppas første tur går av stabelen komande tysdag. Etter oppmøte ved Bahusfabrikken (sjå annonse for tid) køyrar dei til Lysefjorden for å gå derifrå.
- Den første turen går til Lyshornet. Det er ein passande start for denne gruppa. Målet er å gå kring 2-3 timar kvar gong me er samla, fortel Valvik.
Utover våren har gruppa planar om å gå til dei mest kjente og flotte fjella i Os.
- Me reknar med å ta Borgafjellet, Rødsfjellet, Møsnuken og Svinningen. Truleg med litt stigning i programmet med tanke på lengde på turane, seier Valvik.
Ho legg til at gruppa generelt har som mål å følgja DNT (Den Norske Turistforening) sin turmal.
- Det vil seia at me går i greitt tempo, utan å ta så altfor mange pausar, seier Valvik.
Open dag
Også klatregruppa til Os Turlag gjer sine framstøyt for å fanga interesse for aktiviteten sin denne våren. Komande måndag arrangerer gruppa open-dag-klatring i klatreveggane sine i Nore Neset Aktivitetshus.
- Dette blir ein dag der me opnar den nye buldreveggen offisielt. Samstundes håpar me at så mange som mogleg finn vegen og prøver ut dei to klatreveggane me har, seier Are-Stian Føleide i klatregruppa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at det ikkje er korkje nedre eller øvre aldersgrense for å få klatra på veggane i Nore Neset-hallen.