Tubabaluba med Askeladden

Laurdag blir det musikkteater med Per, Pål og Espen Askeladd i Oseana.

Damene i Tubabaluba er tilbake i Oseana. Sist gong var Karius og Baktus med. Denne gongen har dei med seg den velkjende gjengen frå norske folkeeventyr.

Vi blir med Per, Pål og Espen Askeladd på deira vandring mot slottet. Undervegs vert det vakker musikk og spennande opplevingar. På vegen møter dei også kjende figurar frå andre eventyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre år

Tubabaluba med Askeladden er ei herleg og annleis "eventyrmini-musikal" med varme og humor. Framsyninga passar for born frå tre år og oppover. På scena møter vi Ramona Sulen, Elisabeth Vannebo og Tarjei Vatne.

Regien er ved Jan Holden, medan Monika Solheim har stått for kostymer og scenografi.