Treng nye krefter til «Ung lørdag»
«Ung lørdag» er framleis oppe og går, men for at ungdomsklubben skal ha ei varig framtid, må fleire krefter til med det første.
Det var i februar at «Os og Fusaposten» første gong skreiv om ungdomsklubb-konseptet «Ung lørdag». Det vil seia, den gong var det enno ikkje bestemt kva klubben skulle heita, men at det skulle koma ein ny ungdomsklubb i Os, var på det reine.
Deretter vart det arrangert fire-fem vellukka ungdomskveldar i gymsalen på Os barneskule, før det no har stilna litt rundt konseptet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treng vaksne
- Det er framleis liv i klubben, og det har vore arrangert eit par ungdomskveldar også i haust, men arrangementa er nok blitt mindre både i omfang og med tanke på besøkande, vedgår Øyvind Hægland.
I lag med ansvarleg for førebyggjande arbeid ved Os lensmannskontor, Anne Lyssand, var det han som tok initiativet til å starta den nye ungdomsklubben i Os.
- Me ser no at me kanskje har vore litt naive i høve til drifting av klubben. Me hadde eit ønske om at dette skulle vera ein klubb drive av og for ungdom. No i ettertid ser me at me må på banen med fleire vaksne - foreldre og andre frivillige støttespelarar for å syta for at klubbkveldane vert slik me ønskjer dei skal vera, seier Hægland.
Han er klar på at dette ikkje kjem som kritikk til dei unge som har gjort ein fråmifrå innsats fram til no.
- For all del. Dei som har bidrege har gjort ein god jobb. Men problemet med ungdomsstyret som me sette saman i vår, er at fleire av dei ikkje lenger er i bygda eller er opptekne med studium på høgare trinn. Difor treng me no i første rekkje å få på plass eit nytt ungdomsstyre, seier Hægland.
Bestemma sjølv
Både Hægland og Lyssand er veldig opptekne av at ungdomen sjølv skal få bestemma kva dei skal gjera på klubbkveldane.
- Det er difor me treng eit nytt og oppegåande ungdomsstyre. Vaksne treng me mest av alt for å sikra oss at klubbkveldane vert forsvarleg arrangert, og for at foreldre skal vita at det er trygt å senda podane sine på arrangementa, seier Hægland.
Han presiserer at alle «Ung lørdag»-arrangementa sjølvsagt er rusfrie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire undergrupper
Då Hægland og Lyssand byrja å jobba med ungdomsklubb-konspetet var det med eit mål om å gje ungdom i Os eit heilskapleg tilbod utanom dei aktivitetstilboda som elles finst i bygda. Hægland trur det finst mange ungdomar i Os, som har behov for å møtast på ein "organisasjonsfri" arena.
- Anne kan jo litt om ungdomsstatistikk og slikt. Ifølgje ho er det svært mange ungdomar som fell ut av det vanlege aktivitets-tilbodet i alderen 15-16 år. Då er det ekstremt viktig at me har andre tilbod dei kan nytta seg av. Eit velfungerande «Ung lørdag»-konsept bør vera eitt av dei, seier han.
Med tanke på vidare satsing har dei sondert terrenget for å danna undergrupper i klubben, som sports-, friluftsliv-, kosthald-, arrangement-, musikk- og media-grupper.
- Også her ser me for oss at ungdomen sjølv kan vera tilrettelegjarar dersom dei får litt hjelp av vaksne, seier Hægland.
Engasjert ungdom
For å danna eit nytt ungdomsstyre er «Ung lørdag»-klubben no på jakt etter engasjerte ungdomar i ungdomsskule-alder.
- Me ser at når dei er i slutten av gymnaset, så byrjar dei å bli opptekne av andre ting. Dessutan får me problem, som ved vårt første styre, at studium vert meir krevjande og at ein del av dei forlèt bygda for vidare studium, seier Hægland.