Tredje innbrot på 14 dagar
Etter fleire innbrot den siste tida vurderer Os Turn no å setja opp videokamera ved kiosken på Kuventræ.
- Me opplevde dette i fjor haust også. Det er utruleg kjedeleg for klubben og for alle våre frivillige som jobbar i kiosken og gjer sitt for å spe på til klubbkassa, seier dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.
Dyr forsikring
Politiet har vore kontakta kvar gong. Mykje talar for at det ikkje er dei same som har vore på ferde kvar gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I følgje politiet var det såkalla "kjenningar" som braut seg inn i fjor. Dei trur ikkje at det er denne gjengen som har brote seg inn desse tre gongene, fortl Parnefält.
Innbrotstjuvane har teke seg inn via kioskluka. Deretter har dei forsynt seg med alt dei finn av salsvarar.
- Me taper mykje pengar på dette, og me kan heller ikkje venda oss til forsikringsselskapet. Der er eigenandelen 7.000 kroner. Så mykje pengar er det nemleg ikkje snakk om kvar gong, seier Parnefält.
Vurderer tiltak
Han fortel at klubben no vurderer ulike tiltak for å unngå fleire innbrot.
- Me tenkjer på å setja opp videokamera. Dessutan har det vore snakk om å gå vaktrundar. I tillegg håpar me publikum kan hjelpa oss og seia frå dersom dei ser mistenkjeleg aktivitet i området, seier Parnefält.