På programmet stod mange av dei mest kjende og kjære julesongane. I fyrste bolk med Os Kammerkor, som er dirigert av Ann Elisabeth Tveit, fekk publikum høyra både "Et barn er født i Betlehem" og "Julekveldsvise".

Tradisjonsrik julekonsert med kammerkoret

Os kammerkor hadde med seg Mannskoret Brage då dei onsdag inviterte til julekonsert i Os kyrkje. Høyr smakebitar frå konserten her.

På programmet stod mange av dei mest kjende og kjære julesongane. I fyrste bolk med Os Kammerkor, som er dirigert av Ann Elisabeth Tveit, fekk publikum høyra både «Et barn er født i Betlehem» og «Julekveldsvise». Publikum fekk så stemma i på «Eg er så glad kvar julekveld».

Mannskoret Brage, under leiing av Jan L. Jacobsen, hadde mellom anna «Nu tennes tusen julelys» og «Eg veit i himmerik ein borg» på repertoaret.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tredje bolken stod klassikarar som «Stille natt» og «Du grønne, glitrende tre» for tur, før konserten tradisjonen tru vart avslutta med allsong av «Deilig er jorden».