Tok sju førsteplassar i AdO Arena
Ein ny sterk gjeng med symjarar er i ferd med å veksa fram i Os Svømmeklubb. Sist helg markerte dei seg i Ado Arena.
- For litt sidan tok Ariel og Seabastian Braathen og Tom André Moberg Johansen steget over til eliteklubbane i Bergen. No er me i ferd med å få fram nye, sterke symjarar som kan nå like langt, seier trenar i Os Svømmeklubb, Thomas Harlem.
Ny arena
For fleire av osingane var det første gong dei konkurrerte i det store symjeanlegget i Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Mange var nok nervøse, men alle presterte veldig bra, skryter Harlem.
På stemnet deltok symjarar frå heile Hordaland. Osingane hevda seg i ei rekkje av årsklassane.
- Me hadde med symjarar i alderen 10-18 år, og utøvarane våre hevda seg i mange øvingar. Totalt tok me sju gull, tre andreplassar og ein tredjeplass, fortel Harlem.
Han legg til at det dessutan var fleire av osingane som persa på fleire øvingar.
Gode treningstilhøve
Dei fire som gjekk til topps i sine klassar var Haakon Johnsen på 50 m butterfly, Emma Skarstein Kjetland på 50 m bryst, Emil Austevoll Harlem på 100 m rygg, 50 m bryst, 100 m, 100 m medley og 200 m fri.
- Dette er ein fin gjeng med symjarar som legg ned innsats i bassenget, både på trening og på stemne. Med dei gode treningstilhøva me har i Osbadet, er det ingenting i vegen for at det kan koma fleire svært gode symjarar frå Os Svømmeklubb i tida framover, seier Harlem.