Flott innsats av Os skulekorps og dirigent Marius Thorstensen i helga.
Flott innsats av Os skulekorps og dirigent Marius Thorstensen i helga.

Tok gull i helga

Os skulekorps gjorde ein strålande innsats under laurdagens Mangerfestival og enda med gull i 2. divisjon.

- Dette var ein liten boost for motivasjonen. Korpsmedlemane var rimeleg høge då dei kom heim etter å ha vunne, seier Karianne Maltun, leiar for Os skulekorps.

Det var stykka «Celtic Air and March» av Michael Sweeney, folketonen «Fanitullen» og «Pastime with Good Company» av Philip Sparks som førte korpset til topps. På det siste stykket fekk også ein del solistar visa seg fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Korpset jobbar hardt og øver mykje. Dette var ein skikkeleg kollektiv prestasjon. Dessutan gjev slike konkurransar oss øving i å prestera når det gjeld, seier Maltun.

Mangerfestivalen er ein årleg korpsfestival og tek stad i eit av landets leiande korpsdistrikt. Os skulekorps, som spelar i 2. divisjon, fekk 93 poeng. Nok til å slå dei to andre korpsa i klassen og dra i land ein flott pokal.

- Mangerfestivalen er alltid i forkant av vår årlege showkonsert i Oseana. No er vi skikkeleg opplada før søndagens konsert, seier Maltun.

Os skulekorps har nyleg vore gjennom eit generasjonsskifte og er no i ferd med å utvikla nye talent. Maltun legg ikkje skjul på at eit langsiktig mål er å kunna ta steget opp i fyrste divisjon.

- Men berre om dirigenten ser at nivået er godt nok. No jobbar vi hardt for å vidareutvikla korpset og behalda musikantane over tid, seier ho.