Tilbakeblikk: Pushwagner - 75 og ellevill

- Eg skålar ikkje med nokon som berre drikk vatn til maten. Då går eg frå bordet altså. Det handlar om skikk og bruk, poengterer ein lettare fornærma Pushwagner.

Denne saka stod fyrste gongen på trykk 6. juni.

- Vi har bestilt te også, forsikrar samarbeidspartnar Stefan Stray.

Artikkelen held fram under annonsen.

Te kan Pushwagner leva med og vert mildare stemt. Sjølv ventar han på ein vodka-shot og cola.

Vi er på Solstrand. Terje Brofos, meir kjend som Pushwagner (iblant forkorta til Push), skal opna utstillinga si i Oseana Kunst- og kultursenter om nokre timar.

Dokumentarfilmen frå 2011 har, saman med ei rekkje artiklar, måla fram biletet av ein fascinerande og uregjerleg mann. Med ei intens livshistorie og eit grenselaust glimt i auga. Auge som også kan lyna.

- Eg vil at du skal ta eit bilete av meg utan hatt. Der munnen går ned slik (han viser ved å dra munnvikane ned med fingrane) og eg ser skummel ut, seier Pushwagner.
- Eg vil at du skal ta eit bilete av meg utan hatt. Der munnen går ned slik (han viser ved å dra munnvikane ned med fingrane) og eg ser skummel ut, seier Pushwagner.
Manager Stefan Stray og Pushwagner ladar opp til utstillingsopning.
Manager Stefan Stray og Pushwagner ladar opp til utstillingsopning.

Å gå han i møte kjennes som å setja seg i ein berg-og-dalbane. Umogleg å ikkje vera spent og nervøs før vogna startar.

Fugl Fønix

- Eg byrja teikna då eg var seks og eit halvt år.

- Søstera di har sagt at du lærte henne å mala og teikna alt som to og eit halvtåring, minner Stefan om.

- Ja, det var då eg hadde mi storheitstid. Livet var fantastisk, eg sykla med trehjulssykkelen min og hadde kome over skuffelsen ved å ha foreldre - og fått sjølvtilliten min tilbake. Det varte ikkje lenge, seier han med trist stemme.

Han har levd eit hardt liv, som starta alt i barndommen med ei mor som tok søster hans med seg og forlét han åleine med ein alkoholisert far. Seinare vart han sjølv alkoholikar, rusmisbrukar og har tidvis vore uteliggjar. Mellom dei mest håplause periodane har livet handla om kunst. Om musikk og kultur. Om lidenskaplege forhold til vakre kvinner. Om reiser, opplevingar, fest, sus og dus. Innimellom har Pushwagner gått på tryne så det song. Men gong på gong har han gjort som fugl Fønix. Reist seg frå oska, rista fjærene, teke på seg ei ny jakke og dansa vidare gjennom livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No har eg kome så langt at eg kan leva sorglaust. Eg er ein fullstendig fri mann.

Ingen pensjonist

Før opninga i Oseana sa Pushwagner til Bergens Tidende at utstillinga der skulle bli hans siste. Men ein kan ikkje alltid ta han på ordet. Sanninga er at fleire utstillingar allereie er plotta inn i kalenderen.

- Han er invitert til ei stor utstilling i New York der fleire Oscar-vinnarar truleg kjem, seier Stefan.

- Kanskje eg treff Brad Pitt då? bryt Pushwagner inn med eit flir om munnen.

Brått blir han slått av realiteten i planen.

- Så gamal som eg er no, er det ikkje barnemat å koma til New York. Så her er det viktig å gjera dei rette prioriteringane, seier han til Stefan.

Planen er utstilling i verdsmetropolen i 2016.

Parallelt med at utstillinga i Os har kome opp, har ei stor utstilling vore i ferd med å avviklast på Kunstmuseum Luzern i Sveits.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to er Pushwagners to største utstillingar i år. Begge stader viser ein av dei to originalane av «Selvportrett» og fleire andre av hovudverka hans.

- Du har fylt 75. Dei fleste har pensjonert seg for lengst då. Har du planar om det?

- Nei! Aldri.

Som for å understreka gjer han eit sprett. Hoppar inn i ein slags yogaposisjon framfor ei knallrosa rhododendhron. Den tidlegare, spretne idrettsmannen finst framleis der inne. Og tannlaus eller ei: Det same gjer flørten.

- Vi skundar oss bak den busken der og kliner. Du må ikkje le så høgt, då forstår Stefan.

Som hos Dalí

Raskt som ein pingpongball hoppar han mellom ulike tema. Brått er han over på politikk og ei lite flatterande skildring av ein politikar han nett såg på tv.

- No må du halda seg i skinnet, slik kan du ikkje snakka om folk under eit intervju, grip Stefan inn.

- Eg sjikanerer kven som helst så lenge eg underheld meg sjølv, repliserer Push.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den milde, sofistikerte sørlendingen Stefan er helst like i nærleiken. Han tek seg av små og store detaljar. Diskret får han bestilt våte klutar som kjem til bordet på eit sølvfat - for å pussa gras av skoa. Reddar samtalen når Pushwagner sporar av. Avverjer bad i den kalde fjorden. Betaler tollen. Ringjer lege for råd om blålege hender. Smiler, er mild og venleg uansett kva som blir sagt på andre sida av bordet. Han må ha eit usedvanleg tålmod.

- Du kjenner til Salvador Dalí sitt bilete, med personen som blir halden oppe av fleire krykkjer? Slik har eg det. Minst 36 menneske jobbar for å halda meg oppreist, seier Pushwagner.

Han veit han treng dei og høyrest takksam ut. Men sukkar han? Eller er det eit smil i munnviken der? Kor fri kjenner han seg eigentleg? Han har eit godt pokerfjes og er ikkje lett å lesa.

- Eg kjenner han ikkje slik Pushwagner blir framstilt på papiret. Eller som den "rockestjerna" han er under utstillingsopningane sine. Anten det er bevisst eller ubevisst, så tek han nok på seg ei maske. Speler ei rolle, seier ein gammal ven om han.

Mellom stive permar

Somme meiner han er overeksponert. Andre får ikkje nok av han. Sjølv damer han kunne vore både far og bestefar til svermar og vrikkar rundt han som tenåringsjentene rundt Justin Bieber.

I samband med 75-års feiringa hans eksponerer han seg endå meir og gir ut ei jubileumsbok om seg sjølv, redigert av forfattar Jan Verner-Carlsson. Eit innbunde festskrift.

- Boka er blitt veldig flott og full av bilete og foto frå livet hans. Sidan det var viktig for oss å få fram dei rette fargane - klåre og gode - har vi fått Göteborgstryckeriet til å trykkja den på ein av sine japanske høgteknologiske maskiner, fortel Stefan.

På sidelinja er Pushwagner mest oppteken av å skryta til servitrisa av tatoveringane hennar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har jobba mykje med festskriftet, som viser fleire sider av Pushwagner og livet han har levd, seier Stefan.

Kunstnaren blir helst assosiert med fest, fyll og fanteri. Færre kjenner han som idrettsmannen Terje Brofos. Men i sine yngre år var han god i det meste - tennis, friidrett, ski og det han elles prøvde seg på.

Då han jobba i NRK mot slutten av 60-talet overraska han alle med å vinna den interne skimeisterskapen.

Bilete frå slike hendingar er med og gir lesaren eit djupare innblikk i historia hans.

I sine yngre år, etter akademiet, hadde Terje Brofos fleire forskjellige jobbar, mellom anna som teatermålar ved Oslo Nye. Seinare blei verda hans leikegrind. Med blokk og penn kunne han alltid tena nokre kroner uansett kvar han kom. Opplevingar og inntrykk fekk pulsera via auget og hjernen ut i pennen og skisseblokka. Fleire av bileta i Oseana er blitt til på reise.

Blant dei ei teikning av jazzlegenden Bud Powell.

Møtet med Bud

Pushwagner lener seg fram over bordet, blikket er mørkare, meir intenst.

- Like ved meg stod eit babyflygel. Eg sat ved eit bord og åt biffsteik og såg ingen andre i det mørke lokalet enn pianisten. Han sat framoverbøygd og såg i golvet. Sorgtung.

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje som han heitte den gongen var berre 19 år. Plassen var eit pensjonat utan særleg med gjester, i latinarkvarteret i Paris.

Powell som hadde sitt å stri med, hadde flykta frå Amerika og var i følgje Pushwagner ein slagen mann då dei møttest i Paris.

- Eg gjekk bort og sa at han såg sånn ut som eg kjente meg inni. Då byrja han å grina. Bud var kanskje det første mennesket eg verkeleg likte.

Orda flyt jamt frå den tannlause munnen. Fokusert. Blikket vik ikkje eit sekund.

- Vi møttest som to vrak og snakka om problema våre - ikkje kunsten eller musikken. Men om oss.

- Han ville vera saman med meg. Eg hadde ikkje opplevd det før. At nokon trong meg slik han gjorde.

Powell vart foreviga i teikneblokka til den unge kunstnaren. Eit ærleg portrett.

- Bud ville også signera, og skreiv ein tekst.

Biletet er berre vist nokre få gongar tidlegare og er nyprodusert som trykk.

Første møte

Petter Mæjlender har portrettert Terje Brofos, mannen bak Pushwagner, i ei fotobok. Til Aftenposten 22. august 2014 sa han:

"Han har 22.000 forskjellige personligheter og har hele tiden vært på jakt etter den rollen han har kunnet trives med. Han har funnet den i Pushwagner, og han fant den i samarbeidet med Axel Jensen - og nå med Stefan Stray".

Stefan er ikkje berre manager. Han er også fan, venn og livline. Første gong dei to møttest var i 1984, då Stefan heilt tilfeldig snubla over Pushwagner si bryllaupsutstilling.

- Han hadde gifta seg med Ellen Elisabeth Alstad, og arrangerte ei undergrunnsutstilling som berre varte ei natt. Eg som var ivrig teikneseriesamlar, men ingen kunstkjennar då, hadde vore ute og tatt nokre glas vin, var i godt humør og blei nysgjerrig på kven denne kunstnaren var, fortel Stefan.

Han fekk seg ein prat og bad Pushwagner anbefala eit verk han kunne kjøpe med seg heim frå utstillinga. Rådet var ein collage av teikningar frå Push sin London-periode.

- Eg trur eg betalte rundt 450 kroner. Framleis heng collagen på veggen heime og er ein av mine favorittar. Eg har til og med prislista enno.

Prisen han betalte er ein fjern sum i dag som ein minst må ut med det tidoble for eit Pushwagner-verk. VG skreiv i 2012 at prisen på kunsten hans hadde auka med 550 prosent på fem år. Trykk som vart seld for 4500 i 2007, gjekk då for 25.000.

Symbiosen

Dei to møtte ikkje kvarandre igjen før heilt tilfeldig sommaren 1999. Stefan forstod det stod ille til med kunstnaren, som hadde store rusproblem og levde på gata.

Han fekk ordna med eit atelier, plater og måling. Kunsten voks fram og endra seg frå dag til dag.

Når andre prøver å unngå å ta jobben med seg heim, gjorde Stefan det motsette. For han inviterte Pushwagner heim for å bu hos seg då han verkeleg var på botnen. Og der har han blitt.

For Stefan har det blitt eit livsprosjekt. For Terje Brofos ei livline. Prosjektet Pushwagner ein symbiose av dei to.

- Prosjektet har vakse oss litt over hovudet, seier Stefan.

- Kva betyr Stefan for deg Pushwagner?

Han senkar solbrillene han har på seg inne, ikkje som ei popstjernenykke, men fordi dei er optiske og hjelper på augeproblema. Kikkar over kanten med eit direkte blikk. Tek ei kunstpause.

- Alt!

På sjølvstyr

Vodka-drammane har kome til bordet i ein jamn, roleg straum i fleire timar.

Når Stefan blir borte i administrative ærend ein periode, er der ingen til å halda tråden, oppklara misforståingar eller avverja utfall. Pushwagner slår seg laus.

- Skriv ned dette - ordrett!

- Du skal ikkje lesa fordi det er spennande, morosamt, underhaldande, handlar om mat og vin eller liknande. Men du skal lesa fordi du treng det. For det du kan utvikla deg til å bli om du gjer det.

Han har skrive ei lengre liste med det han meiner er viktige, gode bøker. Når journalisten ikkje sporenstreks ringjer biblioteket og reserverer dei, går han i svart.

Han reiser seg, skubbar stolen godt frå bordet for å få armslag. Eller beinslag.

Han står der og svaiar lett. Dirrar i irritasjon og harme. Peikar på blokka.

- Nei! Ikkje skriv no. Høyr på meg. Menneska går fram som cola-flasker som får korkar på seg.

- Er du redd meg no? Blikket er ikkje lenger så mildt. Ansiktet fordreidd.

Underleg stille blir det ved bordet. Han vil ikkje svara på spørsmål. Er kort og tverr. Kanskje sliten? Kanskje ikkje heilt frisk heller? Hendene har vore blålege heile ettermiddagen. Men forslag om å avslutta intervjuet blir like dårleg motteke som det meste andre. Det er ikkje anna å gjera enn framleis å halda seg fast i berg-og-dalbane-vogna.

- Eg treng ein røyk.

Den friske Solstrand-lufta verkar blidgjerande. Ablegøyer og ei freidig replikkveksling med ein fotograf ute i alleen er endå betre.

Han legg ei forsonande arm kring journalisten og det sterke blikket er der igjen. Over solbrillene.

- No hard feelings?

75 år

Aktuell med: Jubileumsutstilling i Oseana Kunst- og kultursenter.

Ein av Norges viktigaste samtidskunstnarar og eksponentar for pop art. Internasjonalt anerkjend.

Født 2. mai 1940.

Heiter eigentleg Terje Brofos.

Kunstnarnamnet tok han i hippietida. Hariton er frå Hare Krishna, medan Pushwagner tyder push wagon - handlevogn.

Statens kunst- og håndverksskole 1958-1961

Statens kunstakademi 1963-1966

Møtte forfattaren Axel Jensen i 1968. Fleire romanar i teikneserieform blei resultatet. Samarbeidet var viktig for utviklinga av Pushwagner si karakteristiske, kaligrafiske strek.

Gjennom åra har han mista, gitt og rota bort mykje verdifull kunst grunna eit omflakkande tilvære, alkohol- og rusproblem og at han tidvis har budd på gata.

Hans største tap var då han mista rettane til mest alle arbeida sine til samarbeidspartnaren gjennom 17 år, Morten Dreyer. I 2009 fekk han endeleg tilbake eigarskapet til mykje av det Dreyer hadde teke kontroll over.

Fotodokumentarboka «Pushwagner» (Petter Mejlænder) 2008

Dokumentarfilmen «Pushwagner» (Even Benestad) 2011