Tidsaktuell revy slo an

Primus motor Runar Drønen kan pusta letta ut. Publikum lo i år også.

På førehand uttala Drønen til Os og Fusaposten at det verste som kunne skje var at folk ikkje lo. Heldigvis gjorde dei det i år også.

- Eg føler at me presterte jamt og godt gjennom heile programmet i år. I fjor hadde me kanskje nokre høgare toppar, men på det jamne var årets revy betre enn fjoråret, seier Drønen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesten utselt laurdag

Fredag var det ikkje fullt hus, men det plar det heller ikkje vera, fortel Drønen. Laurdag reknar han med at det nesten var utselt.

- Eg har ikkje sjekka tala. Eg veit at me ikkje hadde selt alle billettane på førehand, men det kan henda dei siste gjekk i døra, seier han.

Justin Bieber-variant

Drønen synest det er vanskeleg å trekkja fram noko, men dei var i alle fall tidsaktuelle.

- Me fekk med oss ein "Justin Bieber-variant". Me la han til i ein sketsj om Osfest der De Lillos og Halvdan Sivertsen var på scenen. Dei nekta å spela meir då det kom litt vatn på scenen, seier Drønen.

I gang igjen etter nyttår

Revy-gjengen er alt starta å snakka om neste revy, men no ventar nokre månader med avslapping før det for alvor startar å kverna i Drønens hovud.

- Me har kome på nokre idear. Men eg reknar med at det drøyer til etter nyttår før me for alvor er i gang med tenkinga, seier Drønen.