Tidleg julestemning i Fonos
Billettane til Fonos´ julekonsert i Os kyrkje er lagt ut for sal, og koret er i gang med øving. - Me er tidleg i julesteming, seier dirigent Stine Kobbeltvedt.
Billettsalet starta tidleg i september, og det er for så vidt ikkje nytt at dei er tidleg ute med billettane.
- Dei siste åra har me hatt julekonsertane i Oseana. Då er også billettane tilgjengelege tidleg, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva er det som gjer at de vel å halda julekonsert i kyrkja i staden for Oseana i år?
- Det er fleire grunnar til det. Me trivst veldig godt i Oseana, men me ønskjer å bruka dei ulike arenaene som finst i bygda. Me vil jo ikkje vera huskoret på Oseana. Det er òg fleire i publikum som har spurt om me ikkje kan ha konserten i kyrkja, seier Kobbeltvedt og held fram:
- Det er dessutan noko me ønskjer sjølv. Det er eit fantastisk rom å synga i, og når det gjeld julekonsert, så får ein ikkje betre, eller meir passande rammer enn i kyrkja, seier ho.
Plystrar julesongar på butikken
Alt i august starta dei å øva på programmet til julekonserten. Heller ikkje det er nytt for Fonos.
- Det er litt rart å starta i august, og julesteminga "kjem fykande". Men me klarar å ha litt avstand til det, seier dirigenten.
- Så no går du på butikken og syng på julesongar?
- Eg har ein dårleg vane med å plystra, så no plystrar eg julesongar. Eg må ta meg litt i det. Det er litt tidleg å starta med julesongar. Men det er ikkje så lett å la vera, for eg får dei på hjernen. Det er nok mest slitsomt for dei rundt meg, seier ho.
Bra salsstart
Det er knapt tre veker sidan billettane vart lagt ut for sal. Til no har dei selt om lag 100 billetter til dei to konsertane i starten av desember.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ein del som er glad i å planleggja, og så er det nokre som har førehandsbestilt for å sikra seg. Det er veldig kjekt å sjå. Me hadde ikkje forventa så mykje, siden me trass alt ikkje er komne lenger enn til september, seier ho.
Utsalsstadene for billettane ligg det strategi bak.
- Kyrkjekontoret er naturleg, i og med at me skal ha konsertane i kyrkja. I tillegg er billettane tilgjengeleg på Kali Hud og Helseterapi og Zeller. Det er ikkje alle som rekkjer til Os etter jobb. Då er det greit at billettane er tilgjengelege på Amfi, der butikkane er opne lengre, seier Kobbeltvedt.
- Så det er ikkje sponsing inne i biletet?
- He-he, nei, me er nok ikkje der heilt ennå, seier dirigenten.