Tek kunsten på ramme alvor
Kristin Warhuus Våge ønskjer meir kultur i Os sentrum. No inviterer ho lokale kunstnarar til Rammebutikken i Landboden.
Knapt eit halvt år etter at ho overtok Rammebutikken i Os sentrum utvidar Kristin Warhuus Våge no tilbodet. Årsaka er at ho ønskjer å gje osingane fleire kulturelle tilbod i sentrums-kjerna, samt at ho treng fleire bein å stå på for å kunna driva lønsamt.
- Eg høyrar mange seia at dei ønskjer meir kultur og mindre kebab i Os sentrum. Dette er mitt bidra for å etterkoma ønsket, ler Vaage, som legg til at kommentaren sjølvsagt er litt spissformulert.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men frå spøk til alvor. Eg har veldig trua på Os sentrum og det er utruleg mykje spennande på gang. Eit lite galleri her i butikken min, vil bli ein fint supplement til det som elles er å finna her, meiner Våge.
Etterspurd osing
Første kunstnar som stiller ut bilete hjå Kristin er ikkje ukjende Bjørn Johs Meidel Hansen frå Nore Neset. Den tidlegare Odd Nerdrum-eleven hadde nyleg ustilling i Stavern. No i august har han 11 arbeid på veggen i Rammebutikken i Os.
- Eg hadde 11, no er fire seld, så då er det sju igjen, fortel Hansen.
Han er positivt overraska over responsen.
- Det har vore mange innom, og det er utruleg mange i Os som liker å slå av ein prat kring måling og kunst. Mange vedgår at dei putlar litt med penselen sjølv, smiler Hansen.
Han trur kanskje ikkje han får selt alle bileta sine denne gongen, men er uansett svært nøgd med tiltaket.
- Dette er ein flott arena å ha eit lite galleri. Dessutan har eg no funne fast samarbeidspartnar nå det kjem til å handla rammer. Her har ho godt utval, skryter kunstnaren, som heile livet har hatt målinga som hobby.
- Eg bruker enormt med tid på det, så eg skulle gjerne kunna leva av det, men så heldig er eg ikkje, seier Hansen, som elles jobbar i olja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opparbeidingsfasen
"Olja" var også næringa butikkeigar Kristin kom frå då ho starta butikken i februar i år.
- Då det var slutt på jobben i Nordsjøen, fann eg ut at dette kanskje var eit gyldent høve til å følgja draumen og prøva å leva av det eg tidlegare i livet berre har hatt som hobby. Målet med butikken i Os er å ha ein levande stad der kunst- og måleinteresserte kan møtast, handla og kikka på lokal kunst.
- Du vil helst satsa lokalt?
- Ja, eg vil at dette skal vera ein plass der me fremjar våre eigne. Det er svært mange talentfulle og flinke målarar i Os, og eg kjem ikkje til å slita med å finna nye utstillarar etter Bjørn Johs.
- Og drifta? Korleis går det eit halvt år etter oppstart?
- Det er mykje jobb. Meir jobb enn stor inntening, men eg føler eg har noko bra på gong her, og har veldig lyst til å vera ein del av nye Os sentrum, som eg trur blir kjempeflott, konstaterer Våge.