Erik Rolland, Einar Olsson, William Rolland, Emil Nordtveit og Ine Tumyr.
Erik Rolland, Einar Olsson, William Rolland, Emil Nordtveit og Ine Tumyr.

Super-år for Emils supergruppe

Høgdepunkta kom som perler på ei snor i 2016, men for Emil Nordtveit var femmaren i Dagbladet det gjævaste.

Mighty Magnolias er klare for årets siste spelejobb. Me finn dei fem bandmedlemene i Torvhola i Nore Neset Aktivitetshus.

Denne kvelden består bandet av Emil Nordtveit, Ine Tumyr, Erik og William Rolland og Einar Olsson. Sistnemnde har steppa inn som trommis ved fleire høve.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kvar er brodaren i dag då, Ine?

- Nei, han har vore litt på reise i det siste. Einar har spelt ein del med oss den siste tida, konstaterer Ine, som elles bruker å ha broder Stian bak seg ved batteriet i bandet.

Verd ein skål

Det er avslappa stemning i Torvhola. Olsson hampar litt med trommestikkene på låra og Erik Rolland vandrar litt kvilelaust att og fram, men det er heller lite rock'n'roll-stemning - meir klassisk garderobe-stemning - som eit lag som gjer seg klar for kamp.

Emil Nordteit meiner 2016 var eit strålande år for bandet sitt.
Emil Nordteit meiner 2016 var eit strålande år for bandet sitt.
Gitarist Erik Rolland og Emil Nordtveit frå konserten i Nore Neset-hallen vesle nyttårsafta.
Gitarist Erik Rolland og Emil Nordtveit frå konserten i Nore Neset-hallen vesle nyttårsafta.

- Me bruker å lada roleg opp til konsertane - tek gjerne eit glas vin, pratar og hyggjer oss, fortel Emil.

26-åringen frå Nordtveit-grend har hatt ein del slike kveldar tidlegare dette året.

- Ja, 2016 har vore eit innhaldsrikt år. Me har vore mykje ute og spelt, og me har fått gode tilbakemeldingar på plata.

- Absolutt verd ein skål?

- Ja, absolutt verd ein skål, smiler låtskrivaren i bandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første offisielle jobb

Men sjølv om dei har vore mykje rundt og spelt dette året, så er kvelden på Nore Neset faktisk aldri så lite historisk for bandet.

- Bortsett frå då me spelte på ein lukka sommarfest i Askvik i sommar, så har me aldri spelt i Os tidlegare. Dette er rett og slett vår første offisielle jobb i bygda, smiler Emil.

- Det var på tide.

- Ja, det var kanskje det, ler han.

Bandet har uansett ikkje mangla spelejobbar. 2016 var året då dei verkeleg kom seg ut og fekk vist seg for norsk og internasjonalt publikum.

- I hovudsak har me spelt rundt om kring i Noreg, men me har også hatt konsertar i Sverige og på Svalbard. Me har hatt mykje moro, konstaterer vokalisten.

Strålande kritikkar

Inngangsnøkkelen til spelejobbane var den kritikarroste plata dei spelte inn i Snaxville studio utanfor Kongsvinger i fjor vinter.

«Somewhere North Of Nowhere» hausta ikkje berre strålande kritikkar då han kom. Ved oppsummeringa av 2016 stod plata frå fusingane og osingane att som ein av årets beste plater på fleire lister.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har fått mykje ros for den plata. Best var det kanskje å få ein femmar i Dagbladet. Det å få slik anerkjenning i ei riksavis var utruleg moro, seier Emil.

- Ja, så fekk me jo også ein seksar i Romerikes blad. Det var jo veldig stas, skyter Ine inn.

Ny plate

Denne vinteren skal bandet på ny finna vegen til Snaxville studio på Skaubygda. Bandet var svært nøgd med samarbeidet med produsentbrørne Amund og Henrik Maarud på den første plata. No skal dei saman laga oppfølgjaren.

- Eg har skrive kring 20 låtar. Ein har me alt spelt inn. Dernest tenkjer eg at ein 10-11 til får plass på plate nummer to. Det blir ein utveljings-prosess no den komande månaden, fortel Emil.

- Korleis vil den nye plata skilja seg frå debutplata?

- Musikkmessig ikkje så mykje. Me føler me har funne vår greie og vil halda fram med å spela den musikken me likar, men ein vil kanskje høyra at me er blitt betre til å spela. Det føler me i alle høve sjølve, ler Emil.