Strålande song av englar frå Søre Fusa Oppvekstsenter
Sist torsdag vart folket i Breidablikk bergtatt av vakker englesong då Søre og Fusa Oppvekstsenter viste syngespelet «Finn Englius Fant og nøkkelen som forsvann».
Det var himmelsk stemning i Sævareid denne dagen for på scenen stod eit flott englekor.
Elevane frå 1.-7. klasse framførte eit forrykande show med flott song og godt skodespel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prosjektet er ein del av " Den naturlege skulesekken".
Miljø og Klima er eit stort tema for tida, og det store spørsmålet er "korleis kan eg gjera noko?
På skulen har dei satt fokus på desse tema. Losjehagen er også eit prosjekt dei har i samanheng med dette. Her har dei blant anna hønsegard, og kvar fredag er det elevbedrift på skulen som seljer egg. Det var også ein utstilling frå arbeidet til elevane med "Den naturlege skulesekken" på Breidablikk.
Nøkkeljakt
Eit gjennomgåande tema i syngespelet var miljø og klima. Alt starta i himmelen. Der var det krise stemning. Direktøren for skaparverket AS har mista nøkkelen sin til framtida, og om den ikkje blir funne er alt svart innan kl. 10 i morgon. Engelen Finn Englius Fant må deretter ut på oppdrag med sine to hjelparar, Fredrik og Fiona. "kvar skal eg leita" rungar det ut i salen frå englekoret. Finn Englius Fant og vennane reiser til jorda og her besøker dei: statsministeren og regjeringa, dataingeniørar, ein gammal professor på universitetet, miljødemonstrantar, og kokkar som lagar mat til fattige.
Kvar plass finn dei endå ein ny del av nøkkelen. Dei får også gode råd og viktig lærdom der dei er på besøk. Dei reiser tilbake til himmelen der resten av englane venter i spenning, men dei manglar ein del. Plutseleg kjem Gudrun, kona til direktøren, ho skal på shopping. Heldigvis så ligg den siste delen av nøkkelen godt gøymd i barnevogna hennar. Dei får satt saman nøkkelen og framtida er redda!
Vel blåst
Etter eit veldig godt gjennomført show var Rektor ved skulen Britt-Mari Gjerde nøgd og stolt over elevane sine. Elevane tok i for full hals på songane, og det var god innleving på scenen. Det var fleire gode kommentarar, og latteren runga i salen. Etter framsyninga kunne folk kosa seg med kake i frå FAU. Alt i alt var det eit veldig vellukka arrangement.