Stjerneteljarane frå Os
-"Om nåkken kunne blå-se på, ville himmelen vært lyyyseblå", syng ungane som øver på Os barneskule denne kvelden. Laurdag syng dei for ein fullsett Ole Bull scene.
Stine Kobbeltvedt er dirigent for borna, som kjem frå både Os og litt frå Bergen.
- Velkomen! seier ho til dei som kjem inn døra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men det er eigentleg ikkje noko "fast" kor.
- Me song då Christine Sandtorv hadde konsert i Oseana under Osfest. No spurde ho oss om å syngja saman med henne på Ole Bull Scene i Bergen på laurdag. Alt er utseld og det er veldig stas sjølvsagt, seier Kobbeltvedt entusiastisk.
"Sjerneteller"
Sandtorv er kjent som hovudlåtskrivar i bandet Ephemera. Ho og Kobbeltvedt si syster gjekk på folkehøgskule saman. På 2000-talet spelte dei i kvart sitt band, Kobbeltvedt i Furia.
Sandtorv har dei siste åra gjeve ut fleire barneplater og drive barnemusikkprosjektet "Stjerneteller". Ho vann Spellemannsprisen både i 2012 og 2014.
- Christine visste at eg hadde drive med barnekor, og tok kontakt og høyrde om eg og me ville bidra. Ein del av ungane som er med no, hadde eg også i barnekoret, fortel dirigenten, som også har ansvaret for Fonos.
Totalt er dei 15 born. Denne kvelden er dei om lag halvparten på øving.
Heilt til Bergen
Nokre av dei unge songarane er framfuse, nokre meir sjenerte. To av gutane er visstnok "sjølvdikta halv-brør", så gode vener er dei. Nokre hadde stilige støvlar og andre hadde pynta seg. Ein meinte det var utruleg merkeleg at scenen i Bergen var mykje mindre enn den heime i Os, men slik er det altså. Nokre av dei frammøtte skulle på disco i barneskulen sin kjellar etter øvinga.
- Hei Besten! ropar ein gut i det gitaristen kjem inn i klasserommet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så seier Stine at dei må varma opp, og så byrjar dei å syngja. Først litt pysete, og så sterkare og sterkare, heilt bak i klassen, ut på gangen, ut i troppeoppgangen og kanskje endå lengre.
Om det ikkje kunne høyrast heilt til Bergen, så kan det i alle høve høyrast i Bergen no på laurdag.