Stiller gjerne på Osfest neste år
- Booker dei oss og Abbath same kveld, vert det garantert godt med folk, seier Bömbers-gitarist Tore Braseth.
Tungrockaren frå Lysefjorden har fått med seg at Osfest framleis har til gode å fylla grusplassen heilt opp. I lag med bandkompis Olve Eikemo, og hans soloprosjekt «Abbath» trur han dei kunne gjeve gamlebygda ei hjelpande hand.
- Me skulle i alle høve gjeve osingane ei solid rockeoppleving. Samstundes vil eg tru at ein kveld med Bömbers og Abbath på scenen ville samla folk frå langt utover Hordalands grenser, humrar Bratseth.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spelte for 40.000
Og gutane i Motörhead-tribute-bandet Bömbers er godt vande med å spela for store hordar. Faktisk gjer dei det ganske så ofte.
- Denne sommaren har vore knall. I går spelte me for kring 40.000 på Summer Breeze Festival utanfor Stuttgart. Tidlegare i sommar spelte me for vel 20.000 i København og kring 7-8.000 i Sverige, fortel Bratseth.
I Os er publikumsrekorden deira 600-700.
- Me hadde ein av våre første konsertar i Fjellheim. Då var det kanskje 600-700. Det hadde vore show og spelt for nokre tusen i Os også, ler Bratseth.
Kompisprosjekt
I lag med nemnde bassist Olve Eikemo og trommis Jan Terje (Pez) Pedersen har Tore køyrt på med Motörhead-tribute-bandet i kring 20 år.
- Dette er kompisbandet vårt. Me vert aldri lei, og me er stadig etterspurde verda over.
- Får de fleire førespurnader no etter at Lemmy Kilmister gjekk bort?
- Nei, ikkje fleire, men me får gjerne større jobbar. Dei store festivalane vil gjerne ha litt Motörhead-stemning. Det gjev me dei gjerne, avsluttar lysefjordingen.