I morgon kveld inviterer "Ung lørdag" til spelekveld i gymsalen på Os barneskule.
I morgon kveld inviterer "Ung lørdag" til spelekveld i gymsalen på Os barneskule.

Spelekveld med «Ung lørdag»

Ungdomsklubben «Ung lørdag» har stadig nye tilbod til ungdomen. I morgon inviterer dei til spelekveld.

Tidlegare i haust skreiv me om oppstartsproblema til ungdomsklubben som held til i gymsalen på Os barneskule. Sidan har det heile teke seg opp.

- For litt sidan fekk me sett saman eit nytt styre beståande av seks 8. klassingar, ein 9. klassing og ein frå vidaregåande skule. Dette er svært oppegåande og kreative ungdomar. No kan me verkeleg seia at «Ung lørdag» er oppe og går igjen, seier ein av initiativtakarane til klubben, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Variert program

Dei nye i styret er Oskar Riis, Olav Gjøssang, Emma Nicolaysen, Sondre Emil Kvernes Kleppe, Rafn Hlynsson, Ida Marie Grønvigh, Rene Breivik og Birk Eiken Lunde.

- I tillegg har gjengen god hjelp av Anna Parnefält som var del av det første styret. Ho hjelper spesielt til med å spreia opplysningar og informasjon gjennom sosiale medium, forklarer Lyssand.

Etter at det nye styret vart sett ned har laurdags-tilbodet vorte meir variert og spennande.

Anne Lyssand er ein av initiativtakarane til "Ung lørdag".  Ho skryter av kreativ og kjekk ungdom i det nye ungdomsstyret.
Anne Lyssand er ein av initiativtakarane til "Ung lørdag". Ho skryter av kreativ og kjekk ungdom i det nye ungdomsstyret.

- Dei har lukkast bra med tema-kveldane. Laurdag den 31. oktober hadde dei Halloween-kveld, og no sist laurdag var det karaoke. Då var det overraskande mange unge som våga seg opp til mikrofonen, fortel Lyssand.

TV- og brettspel

Konseptet for morgondagens kveld er TV-spel og brettspel. Koordinator for ungdomsstyret, Regine Malkenes, trur på ein veldig hyggjeleg kveld.

- Me skal laga til for TV-spel på fleire fjernsyn og vil syta for at det vert variasjon i TV-spel-tilbodet. Det vil altså ikkje berre vera fotball- eller bil-spel. Også Singstar og danse-spel skal me kunna tilby, fortel Malkenes.

Ho legg til at det som vanleg også vert lagt til rette for ei rekkje andre aktivitetar, som brettspel og ballspel.

- I gymsalen har me eit stort område å boltra oss på. Litt dans og god musikk har me sjølvsagt også plass til, fortel Malkenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho håpar at endå fleire ungdomar finn vegen i morgon kveld.

- «Ung lørdag» er i ferd med å ta seg opp, men me har plass til endå fleire ungdomar. Det same gjeld foreldre og andre frivillige. Dess fleire ungdomar me får til koma, dess meir behov vert det for vaksne som kan vera med og gjera ein innsats, avsluttar Malkenes.