Spelar opp på Liafjellet
I juni gjekk Os Musikkforening Kystvegen og krydra turopplevinga med konsertar undervegs. No legg dei turen til Liafjellet.
Musikkforeininga syntest turen på Kystvegen var så artig at dei no "klinkar til igjen". Søndag føremiddag skrur dei opp nivået eit hakk og går bokstaveleg talt frå fjord til fjell.
- Turstarten blir i Kuvågen, der musikantane startar søndagsturen med ein liten konsert. Deretter går det bratt oppover mot Mobergslia, men då er det også tid for ein rast. Ved gamle Christian Michelsens barnehjem blir det ny konsertpause, opplyser musikkforeininga i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vegen vidare går ut frå vegen, ut i terrenget og opp til Storavarden på Liafjellet. Oppe på Mobergs tak blir det ein ny konsert.
- Det er stor sjanse for å få sjå denne gjengen for deg som er på søndagstur på Liafjellet. Du kan sjå dei i forbifarten, eller slå følgje - dei ønskjer seg mange turkameratar. Og som dei beste tinga i livet: Dette er heilt gratis, lokkar musikkforeininga.