Natasja Smørholm (14) song med bandet The Sleepwalkers, som vart presentert som det mest rocka bandet frå Fusa.
Natasja Smørholm (14) song med bandet The Sleepwalkers, som vart presentert som det mest rocka bandet frå Fusa.

Solid og variert UKM

Publikum fekk servert variert, men solid underhaldning av dei talentfulle ungdommane som stod på scenen under UKM i Breidablikk søndag.

Mange ulike utrykk vart presenterte under årets UKM, som vart gjennomført i Breidablikk i Sævareid i dag.

Fire kunstnarar stilte ut verka sine ved inngangen, ein film vart presentert, og elles bestod programmet av mange ulike sjangrar innan felta dans, teater og musikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som dei tre føregåande åra, hadde Os og Fusa også i år slått seg saman om arrangementet. Men for første gong gjekk fellesarrangementet av stabelen i Fusa, i det nyleg nyoppussa lokale kulturhuset i Sævareid. 

Der sørga deltakarane for variert underhaldning og arrangørane for ei solid gjennomføring, som heldt imponerande høg kvalitet i alle ledd. 

For å starte med byrjinga, så hadde dei funne to utrulig dyktige konferansierar i Amalie Holmefjord (17) frå Fusa og Sebastian Alexander Solberg (19) frå Os. Dei to losa publikum trygt gjennom arrangementet, med stor ro, lun humor og full kontroll. 

Publikum studerer tre av fotografia Bo Mathys (15) viste fram under UKM søndag.
Publikum studerer tre av fotografia Bo Mathys (15) viste fram under UKM søndag.
Anne Mari Sundfjord Gjøn (12) bidrog med vakker pianospeling.
Anne Mari Sundfjord Gjøn (12) bidrog med vakker pianospeling.
Prima ballerina Johanne Svendal (11) dansa eit klassisk ballettstykke kalla Kamilla og tyven.
Prima ballerina Johanne Svendal (11) dansa eit klassisk ballettstykke kalla Kamilla og tyven.
Joachim Myrdal og Mikael Vedholm Bjelkarøy er to tøffingar, som gjekk på scenen sjølv om kameraten brått blei sjuk. Det sjarmerte stort med sin breakdance.
Joachim Myrdal og Mikael Vedholm Bjelkarøy er to tøffingar, som gjekk på scenen sjølv om kameraten brått blei sjuk. Det sjarmerte stort med sin breakdance.
To blide zoombiar ventar bak scenen.
To blide zoombiar ventar bak scenen.
Martine Blomberg imponerte med høge svev og akrobatiske moves under sin slowdans.
Martine Blomberg imponerte med høge svev og akrobatiske moves under sin slowdans.
Sevin Kadir blåste folk av setene med songen sin, og var kveldens tøffaste då ho mista lyden ein kort augneblink.
Sevin Kadir blåste folk av setene med songen sin, og var kveldens tøffaste då ho mista lyden ein kort augneblink.
Mot slutten av kvelden var det rock for alle penga.
Mot slutten av kvelden var det rock for alle penga.

Frå action til piano

Mange hadde funne vegen til Sævareid og salen var full av forventingsfulle publikummarar då dei unge håpefulle gjekk på scenen. 

Programmet opna med action-komedien "Oppdrag Baldersheim" av og med Bad Pork Productions frå Fusa, beståande av dei tre 15-åringane Anders Bondevik Andreas Nilsen Kleppe og Håvard Bjørndal, samt 18-årige Marius Nilsen Kleppe som har hatt rolla som mentor og regissør.

Deretter stod det ordinære sceneprogrammet for tur. Det starta roleg med to ulike nummer med vakkert pianospel som stod på programmet, frå Anne Mari Sundfjord Gjøn (12) og Stina Fredrikke Eide (11), begge frå Fusa.    

 

Lett nervøse

Deretter var det dei to jentene Frida Solheim (13) og Miriam Sundfjord (14) sin tur. Dei var veldig spente då vi snakka med dei backstage før det var deira tur. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi gler oss, men vi er litt nervøse også. Vi skal synga Let it go, og den går veldig høgt, så dette kan bli spennande, fortalte dei.   

Etterpå gjennomførte dei med glans. 

Så stod ein sketsj, klassisk ballet og hip hop-dans for tur.

Det var11-årige Johanna Svendal som stod for eit yndig nummer klassisk ballet. 

 

Improviserte etter sjukdom

Dei tolvårige dansarane i JCM-crew frå Os hadde fått seg ei skikkeleg utfordring då ein av dansarane deira, Casper Storaker Melling, vart sjuk og måtte trekkja seg kort tid før framsyninga. 

- Vi måtte bare koma opp med ein ny dans, på kort tid, og bestemte oss for å delta med den, fortalte Joachim Myrdal og Mikael Vedholm Bjelkarøy. 

Etter framsyninga var dei godt nøgde med sin eigen prestasjon, noko dei hadde all grunn til, for trass i sjukdom og improvisert løysing, var det to sjølvsikre og dyktige dansarar som inntok scenegovlet og sjarmerte salen med sitt breakdancenummer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Zombiegjeng

Det var ein skremmande gjeng som møtte lokalavisa då vi besøkte backstagerommet under framsyninga. 

Omlag halvparten av gjengen som var samla kring bordet var krittkvite i ansiktet og fulle i blod. 

- Vi er zombiear, forklarte dei. 

Zombiegjengen høyrde til musikkteatergruppa The Heads frå Fusa, beståande av ni jenter mellom 13 og 15 år. Dei fremaførte eit tøft teater- og dansenummer i kveld. Og var den desidert mest sminka gruppa. 

Stålkontroll på slowen

Martine Blomberg (14) frå Os har mykje erfaring frå scenar i inn- og utland. Likevel var ho godt nervøs før søndagens UKM-framsyning. 

- Ja, eg er temmeleg nervøs no, fortalte ho Os og Fusaposten, då vi møtte henne bak scenen kort tid før det var hennar tur i elden. 

Men det var det inga grunn til. Ho leverte eit strålande flott slowdans-nummer. 

Etter henne var det seks ulike musikknummer igjen på programmet. Det var alt frå vaskeekte rock 'n' roll til jazz og klassisk ballade. Alle gjennomførte med stil og enkelte imponerte verkeleg stort. Blant dei var Sevin Kadir frå Os, som blåste folk av stolane med songen sin og fremstod like samla og sterk etter at ho mista lyden ein kort stund då ledingen fall av mikrofonen. Det står respekt av å klare å samla seg på den måten ho gjorde og gjennomføra resten av songen med like stor stil.  

Artikkelen held fram under annonsen.

 

- Gåsehud

Mari Harju Skeie (17)frå Os song Autumn Leaves. Også det ei svært solid gjennomføring og vakker song. Konferansier Amalie Holmefjord fekk rett då ho sa: 

- Eg kjenner Mari, eg veit kva ho kan. Gjer dykk klare for å få gåsehud. 

Programmet vart avrunda med to rockeband frå Fusa. Både Kleppekompaniet og The Sleepwalkers viser at Fusa kan fostra rockarar det verkeleg svinger av. Ikkje umogleg vi kjem til å høyra meir frå dei dyktige musikarane og vokalistane deira. 

Alle publikumarane Os og Fusaposten snakka med etter arrangementet skrøyt av arrangementet og var særdeles imponerte over det ungdommane viste fram i Breidablikk. 

 

Nøgd leiar

Kulturleiar i Fusa, Erik Vangsnes fekk nyta heile programmet frå salen og var både imponert av det han fekk sjå og høyra, og samtidig godt nøgd med arrangementet totalt.

- Vi er særleg nøgde med at vi i år har fått ungdommar med i alle ledd av gjennomføringa. Dei har stått i kiosken, rigga opp og ned, stått for det tekniske med å køyra lys og lyd og stilt som fotograf. Så har vi hatt to utruleg flinke konferansierar - ein frå Os og ein frå Fusa - pluss at to av jurymedlemmene er frå ungdomsrådet i Fusa, fortel Vangsnes. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I år ønskte arrangørane midre fokus på konkurranseaspektet og meir på det å delta. Derfor fall det inga juryavgjerd i kveld. Den vert derimot offentleggjort tysdag klokka 12.