Soleklart gåve-alternativ
Kvart år gjev dei ein sjekk på 5.000 kroner til eit ideelt føremål. I år var Knutabruo soleklart val.
Det var færre enn under bru-opninga søndag, men like fullt ein bra horde som møtte fram for å få med seg turlaget til LHL si overrekking av gåvesjekk til «Brukameratane» torsdag.
Overrekkinga fann sjølvsagt stad på brua.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I fjor gav me sjekk til «Reint vatn»-prosjektet. I år fann me det soleklart å støtta «Brukameratane» og Knutabruo, sa leiar i turgruppa til LHL Os, Dagfin Riple.
Turgjengen til LHL er flittige brukarar av Osmarka.
- Me går på tur her kvar torsdag. Knutabrua vil me bruka mykje i tida framover, seier Riple.
Takksam gjeng
Til å ta imot sjekken var «Brukameratane» møtt mannssterke opp. Mannen som er opphavet til namnet på brua, Knut Jarle Aspenes, tok imot gåva på vegner av kameratane.
- Alle støtte hjelper. Me er veldig takksame, sa Aspenes.
Peder Fløysand er av same oppfatning.
- Me har fått mykje gode ord i etterkant av opninga, og ser ikkje bort frå at fleire vil støtta prosjektet, sjølv om brua alt står ferdig, sa Fløysand.
Brua kosta i overkant av 1,5 millioner kroner. Etter det «Os og Fusaposten» kjenner til manglar kameratgjengen framleis ein god slump med pengar for å dekkja alle utgiftene.