Søkjer om 600.000

Budsjettramma for Osfest 2016 er på 6 mill. kroner. 10 prosent av summen har dei søkt Os kommune om tilskot til.

I 2016 legg Osfest opp til å utvida frå to til tre konsertdagar, og familiearrangementet vert vidareført i samarbeid med Oseana. Festivalen går av stabelen 4.-6.august.

I 2014 og 2015 gav Os kommune tilskot på kr 300.000 til festivalen. Formannskapet handsamar søknaden for neste års festival i møte 1. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Stort potensiale

I 2015 vitja ca 6.000 personar hovudarrangementa på festivalområdet og familiekonserten i Oseana. Dette er ei dobling frå oppstarten i 2014.

- Potensialet for vidareutvikling av festivalen er stort, til dømes gjennom samarbeid med Os Sentrum og andre friviljuge lag og organisasjonar som kan stå for aktivitetar på dagtid gjennom festivalhelga. Os kommune si satsing på Liv på Øyro gjennom opprusting av uteromma på Osøyro og skjerming av Os Hamn vil også bidra til å styrkja festivalen, heiter det i saksutgreiinga til formannskapet.

Ikkje KUP-midlar

I søknaden argumenterer festivalleiinga for at eventuell støtte frå Os kommune ikkje bør gå av KUP-midlane, då dette vil gå ut over andre friviljuge lag og organisasjonar som innan kultur- og idrettsfelter.

Saka vert lagt fram for drøfting i formannskapet.