Smakebit på gamle dagar
Å lafta eit stovehus og å byggja ei grindverksløe er ikkje noko stress for sjetteklassingane i Fusa.
26. august vitja alle dei 51 sjetteklassingane i Fusa "gamle dagar", eller nærare bestemt Eidegrend klyngjetun i Hålandsdalen.
Her fekk elevane læra om livet i eit klyngjetun, byggjeskikkar og Eide si tid som kommunesenter, skriv Fusa kommune på nettsida si.
Artikkelen held fram under annonsen.
Margun Eide er vertinne i klyngjetunet, og saman med dei gode hjelparane Camilla Aarseth, Astrid Rød og Ingrid Brekke viste ho rundt i tunet, og hjelpte elevane med å baka lefser og å tova ull. Dei fekk òg prøva seg på å lafta eit stovehus og å byggja ei grindverksløe, rett nok ved hjelp av eit modellbyggjesett.
Del av "Fusanisto"
Ei kulturhistorisk vandring vart det også tid til. Elevar og lærarar gjekk frå brevhuset og folkebiblioteket i Eidegrend klyngjetun, forbi telefonstasjonen og likningskontoret, via Hålandsdalen kyrkje til båtstøa, landhandelen, kommunestyresalen og jordmorbustaden i Eidestøa.
På vegen var det sett opp ti postar med ulike spørsmål som elevane skulle svara på.
Aktivitetsdagen i klyngjetunet er del av det kulturhistoriske undervisningsopplegget som vert kalla "Fusanisto", og som alle elevane i skulane i Fusa får høve til å ta del i.
Denne veka og neste veke held "Fusanisto" fram med fornminnedagar på Samnøy og i Strandvik for 4. og 5. klassingane i kommunen. I slutten av månaden skal dessutan alle 7. klassingane få vera ei heil veke på Hålandsdalen leirskole, heiter det på nettsida til Fusa kommune.