Sjå dei forseggjorde påskeegga
Få har produsert så mange, og forseggjorde, påskeegg som osingen Sølvi Walle.
Passande nok får «Os og Fusaposten» besøke henne på sjølvaste påskeeggdagen over alle - nemleg påskeaftan.
- Eg veit ikkje kor mange eg har laga, men det er vel gjerne over hundre, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokre har ho selt, andre har ho gitt bort, men mange av dei har ho stilt ut i heimen sin like ved Baronselva i Os.
Å lage dei intrikat og rikt dekorerte egga er ein hobby ho har hatt i kring ti år.
- No hugsar eg ikkje akkurat når eg starta, men det byrja med ein gong for mange år sidan då eg såg ei rekkje slike Fabergeéegg utstilt på flyplassen i Bangkok. Eg klarte nesten ikkje riva meg laus frå dei, det var så fantastisk å sjå, fortel ho.
Ønskte seg bok
Den gongen på Flyplassen i Bangkok kjøpte ho ingen, men gløymde dei heller aldri.
Ho visste ho heller ville laga dei sjølv, enn å kjøpa eit. Så, ein gong, fleire år seinare, ønskte ho seg i julegåve av mannen, ei bok om korleis laga sine eigne Fabergéegg.
Det fekk ho, og dermed var ho igang.
- Dette kan opnast, som eit lite skrin. Når dei er delte som dette er det lett å få tatt ut hinna på innsida av egget, men når eg ikkje deler dei, men derimot kutter ut mønster i heile egg, er det mykje vanskeligare, forklarer ho.
Tek fleire dagar
Medan Sølvi snakkar, viser fram det eine egget meir imponerande og detaljert dekorert enn det førre. Alle har ho laga sjølv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Løysinga når ho ikkje får fingrane inni egget for å ta ut hinna, er å leggja egget i bløyt i rein klor, blir vi forklart.
- Kor mange dagar brukar du på eitt slikt egg?
- Tja, kanskje tre, eller fire? Det kjem litt an på kor mykje eg gjer med det, men uansett krev dei ein del arbeid. Fyrst må dei kuttast til, så må hinna ut, deretter pussar eg dei lett og før dei blir lakka med seks til sju lag lakk, for å bli sterke nok til å tola å handterast.
Dersom ho har laga rundt 100 egg, og det tek kring tre til fire dagar per egg, vil det si at den kreative dama har brukt rundt eitt år på å laga alle egga sine.
Blir forsterka
Alle laga med lakk er for å gjera egga sterke nok.
- Dersom for eksempel to egg skal henga på ei grein må dei tola å klinke lett saman. Men ingen av dei toler å gå i bakken, fortel ho.
Som bevis på det siste viser ho fram eit stort, solid egg ho har ståande, som har gått i bakken og knust på eine sida. Det er laga av kraftig strutseegg, men tolte ikkje samanstøyten med golvet.
Sølvi lagar Fabergéegga sine av mange forskjellige sortar egg. Dei største er strutseegg, dei mellomstore er gåseegg, så har ho mindre av kylling, høns og and, og ein heil del små vaktelegg er brukt som dekor inni andre egg, eller laga til smykke.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein kan bruka alle egg med eit kalklag på. Det var ein gong ein som vill gje meg eit slangeegg, men dei er mjuke og kan ikkje brukast, seier ho med eit smil.
Treng tid og inspirasjon
Smykka ho har laga av vaktelegg krev at egget blir fylt med noko. Ho har brukt lim og gips, men har leita etter eit anna materiale.
- Eg vurderte byggskum, men det ekspanderer og då blir det så vanskeleg å kontrollera og få rette mengda, så det blir lett til at det eksploderer.
Egga kan nemleg ikkje vera ubehandla. Då vil dei ikkje tola å brukast.
Sølvi skiftar ofte hobbyar. No for tida syr ho mest og lagar ikkje så mange egg. Likevel har ho alltid nokre nye prosjekt liggande. I det vesle huset i hagen der ho dyrkar dei kreative hobbyane sine har ho ein diger eske full av strutseegg, kjøpt inn på ein farm utanfor Bangkok. Dei er enno ikkje er gjort noko med, anna enn at ho har skissa litt på nokre av dei. - Eg må ha tid og ikkje minst inspirasjon.
Ville skapa sjølv, ikkje kjøpe
Mannen Otto Walle synest det har vore spennande å sjå korleis ho har utvikla hobbyen sin.
- Det har også vore kjekt å følgje henne på besøk til andre som driv med det same. Vi har besøkt ei i Bangkok som lagar slike egg, og så reiste vi langt ut på landsbygda i England og besøkteLinda Martin som er kjend for å designa fantastiske egg, og som held mange kurs. Berre reisa dit var ei oppleving i seg sjølv, seier Otto.
I dag er sjukepleiarutdanna Sølvi pensjonist og har meir tid til hobbyane sine, enn då ho var i jobb som lærar ved helse og sosialfag, hadde tre små gutar, eit stort og tidkrevjande hus og tilhøyrande hage.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då eg såg dei egga i Bangkok hadde eg ikkje tid, ungane, hus og heim kravde sitt. Men eg likar godt å laga ting og eg visste at eg ville skapa dei sjølv ein dag.
Fakta:
I dag er dekorasjon av egg mest av alt forbunde med påske, men alt sidan lenge før Jesu tid har egg vore eit fruktbarhetssymbol og symbolisert det å bli født på ny.
Mange tenkjer på dei kjente Fabergéegga, når dei ser rikt dekorerte egg.
Det fins 57 "ekte" Fabergéegg. Dei er juvelbelagte påskeegg laga av Peter Carl Fabergé på oppdrag for dei russiske tsarane. Han fekk laga 57 egg i åra mellom 1885 og 1917. Dei er rekna som noko av det fremste innan gullsmed-kunst.
Desse svært kjente egga var nemleg ikkje laga av ekte egg, slik tradisjonen elles er innan eggdekorering.
Det å dekorera egg er elles ein tradisjon som starta lenge før Faberge, og har vore gjort i mange ulike kulturar.
Kinesarane gjorde det - dei dekorerte egga med bladgull. Aboriginerane skar ut mønster på Emu-egg, medan austeuropearar har ein tradisjon med å voksa og farga egg dei kallar Pysanki.
Artikkelen held fram under annonsen.
(Kjelder: Wikipedia og Linda Martin Egg designs)