Siste innspurt på Os-songen
I morgon vert det premiere på musikkvideoen til Os-songen.
- Her er det siste innspurt, ja, seier Anders Fløysand i Varde Film og Media.
«Os og Fusaposten» vitja kontoret deira i Os sentrum i føremiddag. Der var Fløysand, filmskapar Rolv Lyssand Bjørø og primus motor Carina Blålid i full sving med redigera dei siste små detaljane på musikkvideoen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I løpet av Osfest laurdag vil musikkvideoen koma på storskjem på festivalområdet.
- Samstundes vert videoen sleppt på You-Tube, seier Blålid.
«Os og Fusaposten» fekk sjå musikkvideoen fredag. Publikum kan gle seg.