"Den musikalske tidsmaskina" er namnet på Os Skulekorps sin showkonsert i Oseana neste sundag.
"Den musikalske tidsmaskina" er namnet på Os Skulekorps sin showkonsert i Oseana neste sundag.

Showkonsert med korps og dansarar

Neste sundag er det klart for Os Skulekorps sin årlege showkonsert i Oseana. Årets konsert har fått namnet «Den musikalske tidsmaskina».

Tidlegare medlem av skulekorpset, Selma Fosså Bunæs, har teke på seg oppgåva som konferansier og forteljar under framføringa. Ho deltek også som dansar saman med fleire frå Os Kulturskule.

- Os Skulekorps vil ta publikum med på ei spanande og underhaldande reise gjennom musikkhistoria. Den musiklaske tidsmaskina er gamal og ikkje alltid til å stola på, så me er spente på om reisa går heilt etter planen, fortel leiaren i korpset, Karianne Maltun.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Og kvar går reisa?

- Me vil mellom anna besøka middelalderen, renessansen og barokken - og me tek også ein tur heilt fram til moderne tid, røper ho.

Maltun nemner store namn som Vivaldi og Bach, saman med norske klassikarar som «Fanitullen». I tillegg får publikum høyra eit moderne stykke som heiter «PC-Suite», der dei ulike satsane er inspirert av ein PC, og alt som kan skje med han.

Alle musikantane i korpset vil delta, både aspirantar, juniorar og hovudkorpset, dei utgjer til saman rundt 45 born og unge.

Dirigent for hovudkorpset er Marius Fevang Thorstensen, og for aspirantane og juniorane er det Berit Hella Lindberg som har ansvaret for dirigentstaven. Lyd- og lysansvarleg er Nils Midtseter.

Ifølgje Maltun vil konserten passa for heile familien. Billettar kan kjøpast hos musikantane eller i døra på Oseana neste sundag.