Jan Eggum tok med seg sitt brasilianske orkester og sine andre musikarar til Eikhaugen Gjestegard fredag kveld. Siv Stadaas og Arne-Richard Stadaas serverte ein spesiallaga vestnorsk 7-retters meny.
Jan Eggum tok med seg sitt brasilianske orkester og sine andre musikarar til Eikhaugen Gjestegard fredag kveld. Siv Stadaas og Arne-Richard Stadaas serverte ein spesiallaga vestnorsk 7-retters meny.

Serverte plateklare Eggum

Fredag kveld fekk Eikhaugen Gjestegard gleda av å servera plateklare Jan Eggum og hans brasilianske orkester.

Same dag som Jan Eggum sleppte sitt rykande ferske studioalbum «Rio», tok den bergenske trubaduren og hans 10-manns store orkester turen til Vinnes for å få seg ei storslått vestlandsk matoppleving. Både bandet og hovudpersonen sjølv var i upåklageleg humør, og etter å ha fått servert ein sjuretters vestnorsk meny, spesiallaga for nettopp dette høvet, vart dei høgst musikalske gjestene i endå betre humør.

Visesongaren vart kjent med brasilianarane då han i fjor haust var i Rio de Janeiro for å spela inn sitt 23. studioalbum. I Brasil er desse musikarane svært kjente og etterspurde. Til dagen spelar dei i lag med den brasilianske bossa-nova-legenda Gilberto Gil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eksotisk og norsk

- Det var ein herleg gjeng å få på besøk - veldig livlege og svært så imponert over vår særeigne vestnorske mat, seier dagleg leiar på Eikhaugen Gjestegard, Siv Stadaas.

For dei søramerikanarane var maten truleg ganske eksotisk.

- Dei fekk mellom anna skaldyrsuppe, kongekrabbe og grava indrefilét av hjort. Til dessert fekk dei tilslørte rabarbrapiker, fortel Stadås.

Ved same bordsete hadde ho eit ektepar frå Austlandet.

- Sjølv dei synest denne menyen var litt eksotisk, humrar Stadaas.

Song ved bordet

Medan Jan Eggum nytte maten og freden på gjestegarden, var det brasilianarane som stod for underhaldninga.

- Ein av mennene i orkesteret reiste seg og song ein brasiliansk song mellom nokre av rettane, og hausta stor applaus for innslaget, fortel Stadaas.

Etter nokre timar ved bordet måtte Eggum og orkesteret vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei var strålande nøgde med både maten og opphaldet på gjestegarden vår. Eg trur Eggum synest det var ekstra stas å visa musikarvenene sine vår flotte natur og særeigne mat, seier Stadaas.

Ho lurer på om den spesialkomponerte 7-retters-menyen no skal få eit eige namn.

- Eg har leika litt med tanken om å kalla han Eggum-menyen, humrar ho.

Suksess i Grieghallen

Etter den gode oppladinga på Vinnes spelte Jan Eggum og hans importerte orkester i Grieghallen måndag kveld. Her framførte dei nær heile hans nye album «Rio», som vart innspelt i Rio de Janeiro, samt ein del omarrangerte gamle hitar. Ifølgje meldingane i Bergens-avisene sette dei brasilianske musikarane verkeleg "fyr" på Eggums nyare og gamle låtar.

Tilbake med gitar

Men om "Eggumen" lét gitaren liggja i kassen under fredagens visit på Eikhaugen blir han snart å sjå same plass med gitaren rundt halsen.

Torsdag 13. august inviterer Eikhaugen Gjestegard nemleg til intim-konsert på høyloftet med den bergenske artisten.

- Det blir ein heilt spesiell kveld, håpar me. På høyloftet har me berre plass til 70 gjester, så intimkonsert er berre forbokstaven, seier Stadaas.

Ho minnar om at alle som kjem denne kvelden får tilbod om eit gourmèmåltid før konserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var veldig koseleg på Eikhaugen Gjestegard. Både eg og resten av musikarane drog derifrå godt mette og veldig lukklege. Eg gler meg til å spela der seinare i sommar, seier Jan Eggum i ein kort kommentar til «Os og Fusaposten».

Før Eggum-konserten er det ein annan stor, norsk musikar/trubadur som finn vegen til gjestegarden, nemleg Jonas Fjeld.

- Jonas kjem torsdag 2. juli. Til den konserten er det berre eit fåtall billettar igjen. Også ved dette arrangementet vert det høve til å få servert eit gourmetmåltid før konserten. Også Jonas sin konsert vert i høyloftet, fortel Stadaas.