Andreas er glad i å showa litt når han sjølv er på scenen. (Privat foto)
Andreas er glad i å showa litt når han sjølv er på scenen. (Privat foto)

Sceneskifte av dimensjonar

I 2007 starta han Rock'n'Lol på ei scene av pallar. I 2016 er han med og arrangerer gigantkonsertar i Bergen.

Han var berre 13 år då far hans stilte opp og køyrde han til Quart-festivalen i Kristiansand for å sjå favorittbandet sitt, Turboneger. Sidan den gongen har Andreas berre elska konsertar, stor musikk og adrenalin-kicket ein får ved ein rocke-scene.

Til sommaren får søftelendingen meir av det han er glad i. 27-åringen kan vera trygg på at han skal få med seg dei største og beste konsertane i Bergen. Og det beste av alt - Andreas får betalt for det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Draumejobb

For osingane flest er Andreas Lindborg kjent som ein av to brør som starta opp og dreiv Rock'n'Lol-festivalen i sju år. Sjølv om Andreas i dag lever av å jobba i eit større format, saknar han også tida med dugnadsfestivalen på Søfteland.

- Det var kjempefine tider. Me var ein gjeng med gode vener som dekka opp til fest for heile bygda. Sju gode sommarfestar vart det. Me må kanskje ha ein reunion snart, ler Andreas.

Det nærmar seg eitt år sidan yngsteblad av Rock'n'Lol-brørne fekk draumejobben for Bergen Live. Tidlegare har han vore utleigd til firmaet, men frå januar i fjor har han hatt fast jobb. Stillinga hans omfattar nær sagt alt han er glad i.

Andreas Lindborg klagar ikkje over livet som tilsett i Bergenlive. I fjor jobba han på kring 50 konsertar. Truleg vert det minst like mange i 2016.
Andreas Lindborg klagar ikkje over livet som tilsett i Bergenlive. I fjor jobba han på kring 50 konsertar. Truleg vert det minst like mange i 2016.
Ein ung Andreas Lindborg på den første scenen dei rigga til Rock'n'Lol-konsert på Sanden i 2008. Scenen vert mikroskopisk samanlikna med dei scenene han skal jobba på i sommar. (Privat foto)
Ein ung Andreas Lindborg på den første scenen dei rigga til Rock'n'Lol-konsert på Sanden i 2008. Scenen vert mikroskopisk samanlikna med dei scenene han skal jobba på i sommar. (Privat foto)
Andreas og kompisane i Bone Shakers har gjort mykje av seg tidlegare år, men nett no har bandet pause. - Me kjem sterkt tilbake om ikkje så lenge, seier Andreas. (Privat foto)
Andreas og kompisane i Bone Shakers har gjort mykje av seg tidlegare år, men nett no har bandet pause. - Me kjem sterkt tilbake om ikkje så lenge, seier Andreas. (Privat foto)

- Ein del av jobben består i å vera såkalla hospitality-ansvarleg. Det medfører at eg må reisa og ta imot artistane på Bergen Lufthavn, handla inn så dei får tilgang til alt dei har skrive ned på rider-lista, og elles alt anna som må gjerast for at artistane både før, under og etter konsertane får eit så godt opphald i Bergen som mogleg, fortel Lindborg.

Dei mindre konsertane kjem på løpande band, men det han gler seg mest til er dei gigantiske på Bergenhus festning og Koengen.

A-ha, Aurora og Kygo

For Bergen Live og Andreas sitt vedkomande startar utandørssesongen med A-ha-konsert på Koengen alt 7. mai.

- Det er nær rekordtidleg start for oss. Me får håpa me har vêret med oss, seier Andreas.

Seinare på sommaren, nærare bestemt 18. august skal han vera på jobb når sambygdingen Aurora held konsert på ein stor utandørsscene på Bergenhus festning.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I dag (torsdag) vart det også offentleggjort at me får arrangera Kygo-konsert. Den kjem berre to dagar etter Aurora sin konsert. Med det momentet Kygo har i dag, blir dette det største enkeltståande konsertarrangementet i Noreg så langt i hans karriere. Det blir veldig spennande å få med seg, seier Andreas.

Mange høgdepunkt

For søftelendingen er det likevel Bergenfest som vert høgdepunktet i sesongen 2016.

- I fjor hadde eg ikkje jobba så lenge her at eg fekk vera med på heile planlegginga. Denne gongen har eg vore med heilt frå starten av førebuingane. Det kjem utruleg mange gode artistar til Bergenfest. Det blir ein dritbra festival, trur Andreas.

Bergenfest går av stabelen frå 15. til 18. juni. Sjølv om Andreas skal jobba heile tida, har han håp om å få lytta litt ekstra til eit par artistar.

- Eg gler meg veldig til å høyra den amerikanske rapparen YelWolf. Han såg eg på Bergenfest i 2014. Då var det heilt maniac stemning der han spelte. Det var rett og slett gladkaos, ler Andreas.

Andre han ønskjer å få med seg er det svenske bandet Ghost som ifølgje Andreas spelar herleg pop-rock med mørke tekstar.

- Elles kjem Lars Vaular og spelar. For oss som hadde han på Rock'n'Lol i 2009 er det jo artig at me har hatt artistar som i dag spelar på dei større festivalane i Noreg.

Elles nemnar han den islandske artisten Sigur Ros og eit up and coming britisk band.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Wolf Alice er eit London band, som ser ut til verkeleg å ta av - veldig kult at me lukkast med å få dei til Bergen.

Travelt, men lærerikt

Det blir i det heile teke veldig mange konsertar og andre arrangement for Andreas og kollegaene i Bergenlive utover i 2016. I fjor arrangerte dei over 80 små og store konsertar.

- Eg har ikkje konkret tal, men eg meiner eg må ha vore med på kring 40 av dei. Det er så absolutt travelt, men for meg er det jo draumejobben. Dessutan jobbar eg jo med så mange flinke og kjekke folk. Eg lærer enormt mykje av kollegaane mine, kvar einaste, seier Andreas.

Store namn, vanlege folk

Eit artig frynsegode i jobben er alle dei kjente artistane han får helsa på. Dette er noko Andreas for lengst har vent seg til, men nokon gonger vert han litt sett ut.

- Det er jo litt spesielt å stå ved sida av ein mann som Neil Young og småprata. Og for meg som har vore Metallica-fan på min hals sidan eg var liten, var det sjølvsagt noko rart plutseleg å skulla jobba med dei. Men elles så er me profesjonelle. Me har ein jobb å gjera, og me kan ikkje gå rundt å vera elleville fans. Det tek seg rett og slett ikkje ut. Dei har gjerne store namn, men dei er berre vanlege folk, og slik liker dei best å bli behandla også, seier Andreas.