Rockepoet byr på intimkonsert
Laurdag får Oseana besøk av Tom Roger Aadland, også kalla Noregs rockepoet.
Aadland har blitt samanlikna både med Odd Nordstoga og Stein Torleif Bjella. Laurdag blir det intimkonsert med artisten som er aktuell med plata «Rapport frå eit grensehotell», i restauranten i kunst- og kulturhuset.
Aadland har besøkt Oseana ein gong før. Den gongen med albumet Blod på Spora, som var ei gjendikting på nynorsk av Bob Dylan sitt meisterverk Blood on the Tracks. Dette var ei plate som verkeleg sette artisten på kartet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I haust hadde han stor suksess med konsert på biblioteket i Fusa, og hans nyaste album er no inne på A-lista på P1.
Det har heller ikkje mangla på godord om den nye plata.
- Når Aadland lar seg fortape i disse nesten andektige øyeblikkene, eller skriver slentrende landeveispoesi som i «Like til mi dør», er han en fryd å høre på, skreiv Dagbladet i si melding.
- På grensen til genialt, meinte Dagsavisen.