Etter ei intens øvingshelg var det klart for konsert. Her er medlemene i banda «Walking Fast», «Dei sensurerte» og «Crazy Skills».
Etter ei intens øvingshelg var det klart for konsert. Her er medlemene i banda «Walking Fast», «Dei sensurerte» og «Crazy Skills».

Rocka samfunnshuset

Tradisjonen tru blei det i helga skipa til rockeverkstad i Eikelandsfjorden samfunnshus i regi av Fusa kulturskule.

Tilsett i kulturskulen, Tommy Haltbakk, fortel at det dette året var 12 påmeldte, litt færre enn det som er vanleg. Dette skuldast visstnok at det hadde krasja med ei fotballhelg ein eller annan stad. Fordelen med dette var at det for ein gongs skuld ikkje var overskot på gitaristar som måtte setjast på andre instrument.

Elevane delte seg i tre band som øvde sidan fredag kveld. Då me var oppom søndag ettermiddag, heldt dei på med siste finpussen før konserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Berre det å stå saman med andre og øva er ei øving i seg sjølv, så det er verdifullt, fortalde Haltbakk.

Tilbake som fagmann

Nett då var det bandet «Walking Fast» som stod ved mikrofonane. Dei møttest på ein rockeverkstad og har halde fram med å øva på fritida. Dei har fått speleoppdrag på Sommarmarknaden på Leiro no i helga og på Vinnesfestivalen som er like rundt hjørnet.

I tillegg til Haltbakk, har Rune Solberg frå Sund kulturskule vore med, samt Håvard Grøndal Skåtun. Sistnemnde har også sjølv vore med på rockeverkstad i yngre år og var i helga tilbake som fagmann.

Gratis opplegg

Åtte låtar vart øvd inn under rockeverkstaden i år, eitt av banda stilte med eigen musikk.

- Me tek alt litt på sparket. Det er ikkje alle elevane eg har møtt før. Dette er eit gratis opplegg som er for alle, ikkje berre kulturskuleelevar. Det trur eg ikkje alle er klar over, avsluttar Haltbakk, før gjengen i foajéen blir ropt ut til fotografering.