Kristoffer Karlsen (16) og resten av riggecrewet bruker feriedagar på å gjera alt klart for Osfest.
Kristoffer Karlsen (16) og resten av riggecrewet bruker feriedagar på å gjera alt klart for Osfest.

Riggecrewet ofrar feriedagar for Osfest

Dyrebare solskinsdagar går med til tungt muskelarbeid, men samtidig får den musikkinteresserte 16-åringen Kristoffer Karlsen vera tett på festivallivet og artistane.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vart kontakta av Kristoffer for eit par dagar sidan, om ikkje han kunne få vera med og rigga. Han er svolten på erfaring, og har lyst å vera med. Slike personar er Osfest heilt avhengig av, seier Kjetil Osablod Grønvigh.

Stå-på-vilje

På festivalområdet er Kristoffer og resten av riggecrewet i full gang med å få på plass hovudscena. Den er to meter breiare enn i fjor, og tek to fulle dagar å få på plass.

- Eg tykkjer det er kjekt å vera med og gjera Osfest så bra som mogleg. Os har mangla ein festival som dette, og når me no først har fått det, har eg lyst å hjelpa til, seier 16-åringen frå Os.

Riggesjef Jan Vidar Alnes og assistenten Reidar Berg har god tru på at alt ved årets Osfest vert betre og større enn i fjor.
Riggesjef Jan Vidar Alnes og assistenten Reidar Berg har god tru på at alt ved årets Osfest vert betre og større enn i fjor.
Hovudscena er to meter breiare enn i fjor, og vil ta to gonger 12 timar å få opp. Så langt var riggecrewet komne tysdag midt på dagen.
Hovudscena er to meter breiare enn i fjor, og vil ta to gonger 12 timar å få opp. Så langt var riggecrewet komne tysdag midt på dagen.

Dessutan får han vera med på backline etter at sjølve riggejobben er overstått.

- Det betyr at me gjer i stand instrumenta og anna utstyr for artistane, forklarer han.

Han speler fleire instrument sjølv og er vane med å opptre. Så erfaringen er dyrebar for det som er nok eit musikalsk talent frå Os. Kurt Nilsen er ein av artistane han ser fram til å høyra.

Avsperra område

Riggesjef Jan Vidar Alnes og assistenten Reidar Berg jobbar også frivillig for Osfest. Dei set opp gjerdet som syter for at festivalområdet vert innhegna.

- I tillegg vert det sperra for biltrafikk både via Giskavollen og forbi Landboden. Enkelte må køyra via Finnabrekka nokre dagar. Men me står sjølvsagt vakt i tilfelle det skjer noko og brannvesenet må forbi, seier Alnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vêrmessig ser det veldig lovande ut nett no. Det er sol og t-skjortevêr, i motsetning til kva som var tilfellet i fjor.

- Lydteknikaren var overraska over at me faktisk greidde å ha lyd gjennom heile festivalen i fjor. Det kom så mykje regn at noko av utstyret stod under vatn! Denne gongen syner vêrvarslet berre nokre dråpar på laurdagen, seier han.

- Og litt småregn er berre bra med tanke på at plassen her elles vil støva noko enormt, seier Reidar Berg.

På plassen skal det vera både mat og drikke, og turke vil fort få støv til å virvla opp dit det ikkje skal vera. Dei to vurderer jamvel å kontakta nokon for å spreia litt vatn utover plassen.

- Det problemet hadde me ikkje i fjor! seier dei.

Større og betre

Dei skal også vera med på vaktteneste under sjølve festivalen. Alnes har likevel sørgt for å ha fri nett når Kurt Nilsen går på scena.

- Heile festivalen vert større og betre enn i fjor, så no er det berre å bretta opp ermane!