Restart for Fusa Husflidslag
Olaug Marie Bjørndal håpar særleg dei yngre generasjonane vil vera med når det no går mot ein ny vår for Fusa Husflidslag.
Laget har vore utan aktivitet dei siste tre åra, men no er det fleire som ønskjer å dra igang aktiviteten igjen.
Måndag blir det dermed idé og myldremøte i Sanitetshuset i Eikelandsosen, etter initiativ frå Bjørndal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tommel opp på Facebook
Ho var med heilt frå laget sin oppstart tidleg på 1980-talet.
- Vi hadde mykje aktivitet heilt fram til 2013. Men då blei det vanskeleg å få folk til å sitja i styret. Så vi bestemte oss for å ta ein pause.
Sidan har ho jamleg fått spørsmål om dei ikkje skal starta opp att. Og no ville ho lodda stemninga for ein ny start, og laga dermed eit innlegg på Facebook-gruppa «Kvardagsprat i Fusa».
- Finst det folk der ute som er interessert i og vera med å starta oppatt Fusa Husflidslag? Laget har "kvilt" nokre år, men kanskje tida er der for å vekkja det til livet att, skreiv ho.
Reaksjonane let ikkje venta lenge på seg. Umiddelbart byrja det å renna inn med svar frå interesserte og "likes" frå dei som var begeistra for ideen.
Treng ikkje vera flink
Eitt av spørsmåla som kom under innlegget hennar var om ein må vera veldig flink i handarbeid for å vera med. Men det treng ein ikkje fortel Bjørndal.
- Det held å ha interessa for det.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva driv ein med i eit husflidslag? - Vi prøver å halda liv i gamle teknikkar innan husflid og handverk. Men også å følgja med og læra nye, moderne teknikkar og handverk, forklarer ho.
Då laget var aktivt heldt dei mange kurs, til dømes bunadskurs og kurs i veving. Dei arrangerte temakveldar, var rundt på skular og hadde i tillegg ein fast møteplass.
- Å vera med i husflidslaget er sosialt. Vi lærer av kvarandre. - Strikking har jo blitt veldig populært igjen dei siste åra. Er for eksempel det ein aktivitet som er aktuell for eit husflidslag? - Å ja! Og ein treng ikkje kunna noko. Berre ein har lyst å læra å strikka er det nok.
Ønskjer innspel og idear
Bjørndal kan også fortelja at ho har blitt kontakta av fleire som har lyst å læra seg veving.
- Eg veit dei har ein vev ståande framme i Bruktbuo. Kanskje vi kan få til noko der i samarbeid med dei? Men eg har ikkje snakka med dei om det, altså.
Før laget tok pause i 2013 var det også mykje snakk om å halda kurs i omsying av klede.
- Vi fekk aldri gjort det då, men klesdesign og redesign er framleis veldig populært, så kanskje vi kan få til noko no. Bunadssaum er også aktuelt.
- Så langt har vi ingen konkrete planar om kva vi skal gjera. Først får vi samla oss og sjå kven som er interessert og høyra alle idear og innspel, så får vi sjå kva det endar med, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Håpet er at mange handtverksinteresserte stiller på møtet måndag og bidreg til å dra igang aktiviteten igjen.
- Vi som var med før er jo litt vaksne no. Men mange heilt unge har ytra interesse for å bli med no, det synest eg er spesielt kjekt. Dei vil vi veldig gjerne ha med oss! Og så er det utruleg kjekt om mannfolka kjem også. Vi hadde nokre få med oss før, men det burde vore mange fleire, avsluttar ho.