Rekordstort julekor i Fjord'n senter
Aldri har julesongen runga høgare i Fjord'n senter enn då elevar frå dei fire kommunale barneskulane song jula inn måndag.
- Eg hadde ikkje tenkt over det før i dag, men jaudå, dette må vera det største songkoret me har samla her på senteret, seier senterleiar Vigdis Øvreeide til Os og Fusaposten.
Ei rekkje elevar frå dei fire barneskulane Søre Fusa, Nore Fusa, Eikelandsosen og Fusa var på plass. Truleg talde koret godt over 100 medlemer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det samla barnekoret vart leia av Maria Midtrød. På førehand hadde ho vore ute på dei fire kommunale barneskulane og øvd inn songane. Resultatet vart strålande.
- Ja, vart det ikkje ganske bra. Sjølv er eg i alle høve veldig nøgd. Både med borna og med opplegget her i senteret, konstaterte Midtrød etter konserten.
Sjarmerande skuleband
Barnekoret song tre julesongar. På avslutnings-nummeret med «Tenner våre lykter når det mørkner», frå «Jul i Skomakergaten»-serien, var det tydeleg at det ferske skulekoret var blitt skikkeleg varm i trøya. Allsongen lydde høgt under taket og smitta godt rundt i det fullsette senteret.
Etter barneskulekonserten var det musikk-, song og drama-valfag-elevane frå Fusa ungdomsskule sin tur. Det timanns store bandet starta galant med ein chill versjon av «White Christmas» før dei drog ei lang og morosam utgåve av «Musevisa». Det sjarmerande musikk-kollektivet avslutta deretter med ein flott versjon av «En stjerne skinner i natt».
Tradisjon
Både senterleiar Vigdis Øvreeide og lærar og dirigent Maria Midtrød var etter senter-konserten klare på at arrangementet burde gjentakast.
- Det var veldig kjekt. Dette bør me gjera til ein tradisjon, konkluderte dei to.