Politikarar på catwalken

Mange av dei politiske partia skal ha stand på marknadsdagane frå torsdag til laurdag. Nytt av året er at dei vert å sjå på catwalken også - laurdag føremiddag.

Jostein Halland

jostein@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Politikarane var ikje vanskelege å be. Du skal berre sjå at det ligg eit ynske hos dei fleste om å få lov til å gå på catwalken, smiler Tove Tvedt Skarstein.

Sporty er dei i alle fall, og dei aller fleste partia er representert.

Jostein Bondevik frå KrF, Espen Aspenes og Laila Reiertsen frå FrP, Marie Bruarøy (H), Siren Tømmerbakke (Sp), Eivind Moberg (Sp) og Astrid Leikvoll frå TvS har alle sagt ja. Kanskje kjem det endå fleire.

- Butikkane i Os Sentrum er glade for at dei stiller seg til disposisjon slik at vi får visa fram klede, sko og tilbehør frå ulike butikkar, og kven veit, kanskje det vert ein politikarkamp on stage, spøkar Skarstein.