Påmeldinga til UKM er opna
UKM si lokalmønstring går av stabelen i Oseana 12. februar. Påmeldinga er no open.
Nytt av året er Kulturverkstad dagen før, laurdagen, med sosial kick-off fredag kveld.
- Kulturverkstaden er ei vidareføring av Rockeverkstaden som har vore arrangert fleire gonger i Fusa, fortel kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh.
Artikkelen held fram under annonsen.
På Kulturverkstaden vert det tilbod om ei rekkje ulike workshops for ungdom i Os og Fusa. Så langt er ein danseworkshop, ein band/artistworkshop og ein arrangørworkshop etablert.
- Eirik Søfteland er mellom anna ein av fleire spanande instruktørar som er bekrefta til denne Kulturverkstaden, legg Osablod Grønvigh til.
Målet med workshopane er i følgje kulturkonsulenten å tilby ungdom i Os og Fusa profesjonell guiding, anten dei deltek på søndagens mønstring, eller om dei berre har lyst til å vera med på noko kjekt og kreativt.
Tilbodet er, som UKM, eit gratistilbod for ungdom mellom 13 og 20 år.
- For å kunna gje ei best mogleg oppleving, er det sete tak på kor mange som kan vera med på workshopane. Difor må ein melda seg på på førehand, minnar Osablod Grønvigh om.
Påmeldingsfristen for Kulturverkstaden og lokalmønstringa er begge tysdag 31. januar.