Osingar inntek Grieghallen
Snart brakar det laus med 170 Langhaugen-ungdomar på scenen i Grieghallen - deriblant fleire osingar.
Det vert terpa seint og tidleg på Langhaugen i desse dagar. 18. og 19. februar er det nemleg klart for storframsyninga «Ashes to Ashes - en hyllest til Mozart og Bowie» i Grieghallen.
Alle elevane på danse- eller musikklinja på Langhaugen er på scenen i framsyninga, og elevane lovar publikum «ei oppleving dei aldri vil få nokon annan stad - korkje før eller seinare». Lærarane på dans og musikk produserer og står for instruksjonen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mellom elevane som inntek storstova i Bergen, er osingane Ragnhild Kristine Midtbø, Josefine Bø og Emma Bahus Heimtoft som går i fyrsteklasse på musikk.
Ingrid skal dansa solo, noko ho gler seg stort til. Emma og Ragnhild spelar i orkester og syng i koret, medan Josefine spelar gitar i band på fleire låtar av David Bowie.
- Det er spennande å vera med og laga ei så stor framsyning. No bruker vi skoledagane berre til dette. Det er ein ny måte å gå på skulen på, seier dei.
- No gler vi oss til å visa det vi har laga til publikum!
jostein@osogfusa.no