Osfest held seg i sentrum eitt år til
Grunna Robbie Williams-konserten i Bergen vert neste års Osfest flytta til 11. og 12. august neste år. Men festivalen går av stabelen i sentrum.
Festivalsjef Tor Egil Hylland har tidlegare sagt at dei vil vurdera å flytta festivalen ut av sentrum. Det gjer dei i alle høve ikkje i 2017.
- Me er samde med kommunen og andre støttespelarar om at neste års arrangement går av stabelen på grusplassen til Os ungdomsskule som i 2015 og 2016. Men av praktiske grunnar flyttar me festivalen ei veke fram i tid, seier Hylland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den mest praktiske grunnen heiter Robbie Williams.
- Me skjønar at det truleg vil vera nokre osingar som tek turen til Bergen for å sjå Robbie den 4. august. Ettersom eg til no ikkje har landa booking-prosjekta mine, fann me det like greitt å utsetja Osfest til helga etter. Eit anna pluss med det, er at då er alle komne heim frå ferie, humrar Hylland.
Reint ungdomsprogram
Festivalsjefen legg til at det også blir ein del andre endringar på programmet i høvet til i år.
- Me strippar det heile litt ned slik at det blir meir likt 2015-festivalen. I praksis vil det seia at me ikkje har noko arrangement på torsdagen eller på laurdag føremiddag. Me gjer det litt enklare, satsar på to gode kveldsprogram og håpar det er nok til å få til eit overskot neste år.
- For det trengst?
- Ja, me skyldar nokre kreditorar og må gjera opp for at me bomma litt i år. Så får me heller sjå om 2018-utgåva kan vera noko meir ambisiøs igjen, dersom me lukkast til sommaren, seier Hylland.
Ein ting som vart påpeika av mange ved årets arrangement, var at det var for lite artistar for ungdomen. Det håpar arrangøren å gjera noko med i 2017.
- Me skal få inn nokre gode artistar for ungdomen. Faktisk skal me via heile fredagskvelden for denne publikumsgruppa. Vaksne skal også få kunna koma, men artistane vil vera litt reindyrka for den yngre garde, seier Hylland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laurdagen vil dei som tidlegare gå for ein klassisk mix.
Vorspiel på Nore Neset
Festen er altså på langt nær ferdigbooka, men vorspielet er alt i boks. Det går, som i fjor, av stabelen i Nore Neset Aktivitetshus 30. desember.
- Me har alt selt nesten 150 billettar til den kvelden. Med gode live-band som Rotlaus og Byting og vårt lokale alibi med Mighty Magnolias på scenen, trur eg det blir ein kjempeartig kveld, seier Hylland.