Osfest arrangerer romjulsfest
Osfest-arrangørane bles liv i den gamle Fjellheim-tradisjonen med storkonsert vesle nyttårsaftan.
- Me har tinga Nore Neset Aktivitetshus. Me kjem til å bruka heile handballhallen til scene- og bar-område. Oppe i fojaeen vil me laga til matservering, blant anna. Me tek heile huset i bruk, så me har over 1.000 kvadratmeter å boltra oss i, seier primus motor for Osfest, Tor Egil Hylland.
Etter at Fjellheim vart lagt ned, arrangerte Osøren Blues og Jazzfestival romjulsfest i Oseana to gonger, i god gamal Fjellheim-ånd. No tek Osfest stafettpinnen vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me vil halda liv i tradisjonen som var eit veldig populært tilbod i si tid. Me håpar på fullt hus.
Trur på stort publikum
Dørene opnar 19.00, med konsertstart 21.00. Hylland er godt nøgd med programmet for kvelden.
- Os´ eigen Gina Aspenes kjem, ho er aktuell med sitt nye album. Dette er noko me ser fram til. Pogo Pops og Rolling Clones kjem også. Sistnemnde har vore i Os ein gong før, men det var heilt tilbake i 2006. Dei spelar ofte for fulle hus i Bergen, så me har stor tru på stor publikumstilstøyming til Nore Neset. Me har lagt ut 875 billettar for sal, seier Hylland.
Betre buss og taxi-tilbod
Vidare fortel Hylland at dei vil setje opp bussar frå Nore Neset til Os, og at dei har eit godt samarbeid med Os Taxi, som gjer at folk skal koma seg trygt heim.
- Opplegget er ikkje heilt spikra per no. Det me veit er at me vil ha bussar frå Nore Neset til Os etter konsertane, og at Os Taxi kjem til å stilla med ekstra mannskap på jobb. Det kan òg bli aktuelt med bussar ut i distrikta, om det er nok folk som vil nytta eit slikt tilbod.
Hylland fortel også at det kan henda at dei kan sleppa nokre artist-namn på vesle nyttårsaftan.
- Me jobbar med artistar kontinuerleg. Det kan vera at dei første artistane vert sleppt før denne datoen, men det kan godt vera at me har nokre namn på lur til arrangementet også, seier Hylland.