Tysdag tek Os formannskap stilling til om tilskotet til Osfest skal halvverast. Biletet er frå konserten med Madcon i fjor.
Tysdag tek Os formannskap stilling til om tilskotet til Osfest skal halvverast. Biletet er frå konserten med Madcon i fjor.

Osfest 2019: Føreslår ei halvering av tilskotet

Administrasjonen rår Os formannskap til å halvera tilskotet til Osfest, frå 250.000 til 125.000 kroner. Til neste år risikerer festivalen å få ingenting.

Det går fram av sakspapira til tysdagens formannskapsmøte.

Osfest vart arrangert for første gong i 2014. Så langt har festivalen fått 1,6 millionar kroner i stønad frå Os kommune (300.000 i 2014 og 2015, 500.000 i 2016 og 250.000 i 2017 og 2018).

Artikkelen held fram under annonsen.

Då fjorårets løyving på 250.000 kroner vart vedteke, vart det samstundes signalisert at Os formannskap ser føre seg «ein nedtrappingsplan der tilskotet til festivalen vert halvert i 2019, før ein får ei utflating til null kroner/KUP-nivå i 2020, når kommunen har slått seg saman med Fusa til Bjørnafjorden kommune».

Med bakgrunn i fjorårets vedtak, føreslår administrasjonen altså å bruka 125.000 kroner frå formannskapets disposisjonsfond til Osfest 2019.

– Treng føreseielegheit

Osfest, eller Konsert og Festivaldrift AS, søkjer rett nok om eit tilsvarande tilskot til årets festival som i 2017 og 2018. Bakgrunnen for det er festivalens omfang og storleik, samt verdiskapinga og dei positive opplevingane knytt til festivalen.

– Vi er komne godt i gang med planlegginga av årets festival. Programmet er svært variert, der fredagen har ein heilt klar ungdomsprofil, og laurdagen er ein god miks av artistar for den eldre garde, men som treff i begge leire, skriv styreleiar for festivalen, Tor Egil Hylland.

Ifølgje styreleiaren herskar det ingen tvil om kva tyding Osfest har for lokalmiljøet.

– Når ein ser kva samlande, identitetsskapande, engasjerande og kulturell effekt Osfest har, synest det klart at festivalen bør bestå for framtida, skriv Hylland, og legg til at inntil festivalen har mellom 8.000 og 10.000 besøkjande vil ein vera avhengig av bidrag frå Os kommune og privat næringsliv.

– Os kommune, den lokale befolkninga og festivalen treng føreseielegheit frå kvarandre, påpeikar Hylland.

Tysdag tek Os formannskap stilling til kor stort tilskotet til Osfest 2019 faktisk vert.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no