Over 20 ulike skulekorps er involverte når Den Nationale Scene set opp sin versjon av Nærum si sjarmbombe.  Os skulekorps inntek scenen når framsyninga vitjar Oseana.
Over 20 ulike skulekorps er involverte når Den Nationale Scene set opp sin versjon av Nærum si sjarmbombe. Os skulekorps inntek scenen når framsyninga vitjar Oseana.

Os skulekorps er del av stor framsyning

Os skulekorps blir å sjå på teaterscenen i Knut Nærum si framsyning «Korps», som gjester Oseana i midten av mars.

Over 20 ulike skulekorps er involverte når Den Nationale Scene set opp sin versjon av Nærum si sjarmbombe. Skodespelarane Ameli Isungset Agbota og Henrik Bjelland spelar med ulike korps kvar kveld. Oseana er første spelestad på turneen.

– Korps er ei framsyning for unge menneske og for unge menneske sine foreldre, og for dei som er eller har vore forelska. Framsyninga er også for dei som spelar i korps, for foreldra deira og for naboane. Historia treffer i grunn alle, seier Nærum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire årsaker til populariteten

Gjennom framsyninga følgjer ein tenåringane Silje og Emil sine opp- og nedturar. Framsyninga skal ha vore ein stor suksess ved Teater Innlandet i fjor. Stykket skal ha blitt omtala som ein hyllest til Frivilligheits-Noreg.

– Det er fint sagt. Korpsbevegelsane er eit av dei mest synlege eksempel på dette: Korleis folk kjem saman og gjer fine ting til glede for fleire, utan å få betalt i pengar, seier Nærum, som meiner populariteten til stykket både skuldast involveringa til unge musikantar og at folk synest det er stas at eigne erfaringar blir iscenesett.