Lokalpolitikarane i Os vert oppmoda til å velja seg ei bok og gje henne vidare. (Pressefoto)
Lokalpolitikarane i Os vert oppmoda til å velja seg ei bok og gje henne vidare. (Pressefoto)

Os-politikarane startar bok-stafett

Onsdag 26. august markerer Os folkebibliotek nasjonal bibliotekdag. Lokale politikarar er spesialinviterte til å ta med seg ei "bok på vandring".

På den aller fyrste nasjonale bibliotekdagen i Noreg slår vårt lokale bibliotek på stortromma. Det vert utvida opningstider, kaffe og noko å bita i, og altså besøk av lokale partitoppar.

- Vi har utfordra politikarane til å ta med seg ei bok og leggja henne frå seg ein plass i Os, fortel biblioteksjef Elisabeth Bochkon Tøsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Bok på vandring»

Prosjektet «Bok på vandring» starta 12. juni og er eit samarbeid mellom biblioteka i Fusa, Os og Vaksdal. Bøker vert lagde ut på ulike stader i bygda som butikkar, venterom og kafear. Oppmodinga er klar: Ta boka med heim, les henne og gje henne vidare til ein ny lesar.

- Årsaka til at vi inviterer politikarane våre spesielt, er for å visa fram det eventyrlege biblioteket her i Os. Dessutan har biblioteka ei viktig samfunnsoppgåve og fortener å bli sette på kartet, seier Bochkon Tøsdal.