- Eg håpar dette er noko heile Os vil stilla opp på, seier initiativtakar Ole Reinert Berg-Olsen, alias Orbo. (Arkivfoto)
- Eg håpar dette er noko heile Os vil stilla opp på, seier initiativtakar Ole Reinert Berg-Olsen, alias Orbo. (Arkivfoto)

Os-konsert for Syria

Orbo, Gina Aspenes, Eirik Søfteland og Fonos er nokre av artistane som søndag 8. november opptrer i Oseana til inntekt for Syria.

- Eg håpar dette er noko heile Os vil stilla opp på, seier initiativtakar Ole Reinert Berg-Olsen, alias Orbo.

Artisten har lenge arbeidd for å få til ein støttekonsert for Syria, og endeleg er opplegget i boks. Med seg får han eit lokalt stjernelag med mellom anna Gina Aspenes, Eirik Søfteland og koret Fonos.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fleire artistnamn vert klare etter kvart. Vi jobbar for eksempel for å få med ein syrisk artist anbefalt av kyrkja i Os. Vi vil også utfordra ein del folk til å bidra på ulike måtar. Ikkje minst har vi utfordra kommunen, seier Ole.

Inntektene vil gå direkte til flyktningane rundt Middelhavet gjennom organisasjonen Amadia International. Dei vert også til stades under konserten.

- Vi har valt Amadia fordi dei faktisk reiser ned og ser at pengane når fram dit dei skal, utan administrasjonsgebyr eller mellomledd, seier Ole.

Det vert også høve til å levera inn pledd, ull, barnetøy og liknande.

- Vi skal leggja ut ei oppdatert liste over kva som trengst på Orbos Facebook-side, seier han.

Konserten startar på sein ettermiddag/tidleg kveld.

- Då håpar vi at familiar kan ta med seg born og unge, seier Ole.