Opnar kranane på Oseana
Det blir smaksprøvar, konkurranse og spennande foredrag når Oseana inviterer til sin aller fyrste ølfestival laurdag 20. juni.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dersom du er nysgjerrig på nye smakar er dette plassen for deg, lokkar arrangementssjef Berit Steen i Oseana. Det er ikkje lenge sidan ho sjølv oppdaga kor mangfaldig og godt øl kan vera.
- Mannen min har byrja å digga øl og gjennom han har eg fått auga opp for denne drikken, ler ho.
- Ideen med festivalen er å presentera øl som eit kulturfenomen på linje med vin. Øl er så mykje meir enn pils, og det er ei spennande verd å verta kjend med.
Smaksprøvar
Dørene opnar kl. 12 denne laurdagen, medan kranene opnar kl. 13. Åtte-ni vestlandsbryggarar vert representerte, deriblant lokale Lysefjorden mikrobryggeri. Det vert høve for publikum til å kjøpa smaksprøver,
- Tilbyr de også alkoholfritt øl?
- Nei, ikkje i denne omgangen, så ein må sjølvsagt vera over 18 år, seier Steen.
Skjenkekontoret
I tillegg til foredrag frå øl-guru Gard Smith-Gahrsen og øl-historikar Hugo Ivan Hatland, vert det også foredrag om gjæring av Stian Krog, leiar for Bergen ølfestival, landets største i sitt slag.
- Stian har delt sjenerøst av sin kunnskap med oss. Eg har også hatt tett dialog med skjenkekontoret i Os for å sikra at alt vert riktig etter Alkoholloven, lovar Steen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heiarop
Heile 25 typar sommarøl, dei fleste brygga i nærområdet, er innleverte til den utlyste konkurransen. Sølvmedaljør frå NM og lokal ølkjennar, Tarjei Skeie, har leia juryens arbeid så langt.
- Juryen har plukka ut nokre øl som går vidare til gullfinalen, Vinnaren vert kåra laurdag kveld, seier Steen.
Ho gler seg over stor lokal interesse og er sjølvsagt spent på kor mange som kjem.
- Men alt tyder på at det blir bra. Eg har i alle fall fått mange hyggelege og positive heiarop så langt.