Laila Moberg, Tove Tvedt Skarstein, Katrine Heggland og resten av gjengen i Os sentrumsforeining set fokus på hjartevarme og gjevarglede i Os søndag.
Laila Moberg, Tove Tvedt Skarstein, Katrine Heggland og resten av gjengen i Os sentrumsforeining set fokus på hjartevarme og gjevarglede i Os søndag.

Ønskjer hjartevarme og gjevarglede

Søndag er det klart for Os sentrumsforeining sitt årlege hjartevarme-prosjekt. Denne gongen går inntektene til «Medics Bergen»

Hjartevarme og gjevarglede-arrangementet finn stad på torget i Os sentrum søndag. Hovudfokuset er sjølvsagt å samla inn pengar til årets føremål, men for vitjande vert det garantert også ei hyggjeleg stund med underhaldning, god musikk og høve for å få seg noko godt å bita i.

Meir flyktninghjelp

I fjor støtta dei Flyktninghjelpen sitt arbeid for syriske flyktningar. I år ønskjer Os sentrumsforeining å setja søkelys på «Medics Bergen» og deira arbeid med å bistå flyktningar på den greske øya Lesvos.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Medics Bergen er ein relativt ny organisasjon der frivillige helse- og redningsarbeidarar frå ulike yrkesgrupper bidreg i arbeidet med flyktningkrisa i Europa. På Lesvos gjer dei ein fråmifrå innsats ved å ta imot flyktningar som kjem våte og nedkjølte til land i små gummibåtar, seier Laila Moberg i Os sentrumsforeining.

«Medics Bergen» er sjølvsagt representert under innsamlingsaksjonen søndag. Fleire osingar er medlemer i organisasjonen.

Ballongslepp og konsert

Det er andre året at sentrumsforeininga vier siste søndag i advent til hjartevarme-prosjektet. Dei tre jentene i arrangementsgruppa - Tove Tvedt Skarstein, Katrine Heggland og Laila Moberg håpar det blir ein tradisjon.

Osingar og bergensarar som var på Lesvos i samband med Medics Bergens innsats der i starten av desember. Frå venstre Erlend Midthun, Martin Horn, Tina V. Walløe, team-leiar Stine Haldorsen Bakke, ambulanse-lege Bård Heradstveit og Morten Moberg. (Privat foto)
Osingar og bergensarar som var på Lesvos i samband med Medics Bergens innsats der i starten av desember. Frå venstre Erlend Midthun, Martin Horn, Tina V. Walløe, team-leiar Stine Haldorsen Bakke, ambulanse-lege Bård Heradstveit og Morten Moberg. (Privat foto)
Marthe Walle har også vore på Lesvos og hjelpt flyktningar. Søndag kjem ho til Os for å fortelja om det ho opplevde, samt syngja på torget.
Marthe Walle har også vore på Lesvos og hjelpt flyktningar. Søndag kjem ho til Os for å fortelja om det ho opplevde, samt syngja på torget.
Katrine, Laila og Tove trur på at mange gode hjarte finn vegen til torget på Osøyro.
Katrine, Laila og Tove trur på at mange gode hjarte finn vegen til torget på Osøyro.

- Me har hatt det to gonger. Er det ikkje alt ein tradisjon, då, ler initiativtakarane.

Dei ser spesielt fram til ballongsleppet.

- Me skal sleppa hundre raude hjarte-ballongar frå torget. Det blir eit vakkert skode, seier Katrine Heggland.

Etter ballongsleppet kjem Marthe Valle og spelar. Harstad-jenta, som vann Spellemannsprisen i 2005, er no busett i Bergen og har sagt seg villig til å spela ein mini-konsert i Os i samband med arrangementet. Med seg på scenen får ho gitaristen Manar, som er frå Syria og busett i Os.

- Marthe er sjukepleiar og har til liks med folka i «Medics Bergen» eit glødande engasjement for å hjelpa folk i naud, seier Laila Moberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at Marthe var på Lesvos i november og at ho då fekk med seg overskotet frå «Damenes Aften» som vart arrangert i Kløvertun tidlegare i haust.

- Det blir spennande å høyra korleis pengane vart nytta, seier dei tre.

Julestemning og kor

Etter innslaget med Marthe kjem Nornekoret til å dela ut gratis julestemning ved å "servera" julesongar i fleire av Os sentrumsforeining sine medlemsbutikkar.

- Elles må me nemna at det vert samla inn pengar til føremålet både no i dagane før, med bøsser i sentrumsbutikkane, og heile søndagen, seier dei hjartevarme damene bak aksjonen.

Osingar på Levsos

«Medics Bergen» er altså også tilstades søndag. Blant desse nokre av osingane som nyleg var på Lesvos for å gjera ein innsats. Teamleiar Stine Haldorsen Bakke er ei av dei.

- Det gjorde sterkt inntrykk å vera der nede, og eg reiser garantert ned igjen, fortel Bakke, som til dagen jobbar som sjukepleiar og ambulansearbeidar i Fana.

- Totalt var me ni frå Os som var nede. Alle eg har prata med seier dei vil attende for å hjelpa.

- Kva konkret fekk de gjort?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var førebudd på det verste, men slapp heldigvis unna dei mest dramatiske scenarioa. Men at det er behov for helsepersonell er det ingen tvil om. Det er mange som vil hjelpa, men ikkje alle har trening i akuttmedisin. Det har me, og difor følte me absolutt at me var etterspurde, seier Bakke.