Olsok i Holdhus kyrkje

Tradisjonen tru var det gudsteneste i gamlekykja på Holdhus olsokdagen på onsdag. Her handla preika om å "stri den gode striden".

Om lag 80 personar i alle generasjonar hadde benka seg denne kvelden. Fiolinspel ved Tormod Rebnord skapte ei fin musikalsk ramme rundt både salmar og liturgi.

Vikarprest Marita Bjørke Ådland helt preike rundt tekststaden Luk. 9, 23.-26. Sjølv om det i vår tid er problematisk å glorifisera måten Heilag Olav kristna landet på, er det likevel parallellar mellom no og då, meiner Bjørke Ådland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kristendomen stod for litt andre verdiar for 1000 år sidan. Likevel har menneska mange av dei same utfordringane som då. Kyrkja er ei motstemme til det ofte nådelause samfunnet me lever i, der ein ikkje strekkjer til og dei svakaste opplever å bli sett ned på. Som kristne må me "løfta krossen" og gå inn i vår daglege kamp mot dei kreftene som vil ha oss i retningar me ikkje vil, seier Bjørke Ådland.