OL-heltane får kvar sin stein på «Walk of Fame»
Sverre Lunde Pedersen, Håvard Holmefjord Lortentzen og Sindre Henriksen vert heidra i Bergen på fredag.
Det er Bergensavisen som melder dette onsdag. Dei tre Fana-løparane vann alle gull under OL i Pyeongchang i vinter. For dette har dei gjort seg fortente til å få kvar sin stein på «Walk of Fame» på Nøstet i Bergen.
– Det er klart at å setja Bergen på kartet og bli olympiske meistrar, og å danka ut hollendarane som dei gjorde – det kvalifiserar til ein plass på «Walk of Fame», seier Nøsteboden-innehavar Roger Iversen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Iversen var sjølv initiativtakar til at dei tre skøytegutane skulle heidrast på denne måten.
– Ei ære for oss
Sverre Lunde Pedersen gler seg til fredag og seier at det er ei ære.
– Det er mange kjente namn på denne «Walk of Fame»-gata, så det er klart ei stor ære for oss å få namna våre der, seier osingen.
Med seg på avdukinga fredag får han kjærasten Ingunn Trædal.
– Foreldra mine er dessverre opptekne den dagen, seier Sverre, som nett er heimkomen frå første landslagssamling denne våren.
Ikkje første osing
Sverre Lunde Pedersen blir ikkje første osing som får namnet sitt i gata på Nøstet. Aurora Aksnes sitt namn er alt på plass.
Men Håvard Holmefjord Lorentzen blir kanskje første fusing – i alle fall første halvfusing.
Fakta om «Walk of Fame»
«Walk of Fame» er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen Beat Club, Det Glade Bergen, Løvaas Naturstein, Bergensavisen og Nøsteboden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før skøytetrioen får sine namn i bakken er 28 andre, kjente og kjære bergensarar heidra med kvar sin stein i bakken i Nøstegaten.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no